Runde 23: Me møter Lyn på Bislett

Karadn er klare for ein ny bortekamp i OBOS-ligaen!

Lyn - Sogndal

  • Søndag 21. september kl. 17:00

  • Bislett Stadion

  • OBOS-ligaen 2025, runde 23

Karadn er klare for ein ny tøff kamp i OBOS-ligaen. På søndag møter me Lyn på Bislett, og det blir ein hard kamp om poenga!

Sjølv om resultatet ikkje var eit gledeleg syn mot Lillestrøm var det fleire lyspunkt å ta med seg. Martin Høyland har vore ute i lengre tid, då han fekk påvist kyssesjuka i sommarferien. Med 20 minutt igjen av kampen mot Lillestrøm var han endeleg tilbake i aksjon, og det var kjekt å sjå han på bana igjen. På 30-årsdagen tok me ein prat med den rutinerte midtbanespelaren, som fortel at det var godt å vere tilbake på bana:


På søndag møter me Lyn, og det blir ein ny kamp mot ein god motstandar. Lyn fekk ein svak start på sesongen, men det har verkeleg snudd for laget frå Oslo. Etter trenarskiftet har dei endå ikkje tapt ein kamp, og på 13 kampar sidan mai har dei vunne 9 og spelt uavgjort 4 gonger. Det er ei imponerande rekke som har resultert i 4. plass på tabellen og 35 poeng på 22 kampar.

Sist me møtte Lyn var på Fosshaugadn i juni. Publikum var klare til fest under Lerum Cup, men det vart ikkje den kampen me håpa. Sebastian Pedersen utlikna til 1-1 i fyrsteomgang, men bortelaget scora 2-1 i andreomgang og reiste heim med alle 3 poenga. Me har meir å gå på, og det er ein revansjelysten gjeng som reiser til Bislett i helga. Patrik Karoliussen oppsummerar kampen mot Lillestrøm og fortel meir om kva som ventar oss på søndag:


Kasper Skaanes utlikna på vakkert vis mot Lillestrøm, og scora sitt andre ligamål for sesongen. No er han og karadn klare for ein ny kamp:


Me håpar å sjå mange på bortefeltet på Bislett på søndag, og karadn skal gi alt for å ta dei 3 poenga! 

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: