Runde 25: Det tettar seg til i toppen!

Me møter Aalesund til ein ny toppkamp i OBOS-ligaen!

Aalesund - Sogndal

  • Laurdag 4. oktober kl. 16:00

  • Color Line Stadion

  • OBOS-ligaen 2025, runde 25

Etter ein dramatisk avslutning og eit viktig poeng mot Kongsvinger ventar ein ny toppkamp i OBOS-ligaen! Me tek turen til Ålesund for å kjempe om nye poeng, og treng all den støtta me kan få i innspurten!

Aalesund kjempar i toppen, og etter 24 serierundar ligg dei på 5. plass med 38 poeng. Kjetil Rekdal og co kjem frå tap i førre kamp mot Odd, der dei vart redusert til 10 mann i fyrsteomgang. Det er på heimebane Aalesund tek mest poeng, og etter 12 spelte kampar har dei tatt 25 poeng på Color Line. Til samanlikning står dei med 13 poeng på like mange bortekampar. Det einaste tapet deira kom mot Egersund i slutten av august, då bortelaget scora to mål dei siste 10 minuttane og vann 2-3. På laurdag håpar me å skape meir problem, og karadn går for 3 poeng!

Lerum er kampsponsor
Lerum er kampsponsor

Vårt førre møte med Aalesund vart ei målrik oppleving. Aalesund tok fyrst leiinga etter 29  minutt spelt, men karadn snudde det til pause og leia 2-1 etter halvspelt kamp. Etter pause snudde bortelaget igjen til 2-3, før Vegard Hagen banka inn utlikninga 3 minutt på overtid. Aalesund svarte umiddelbart og avgjorde til 3-4 på direkten, og me sat igjen med eit surt tap. Dette ønskjer me å revansjere på laurdag, og me håpar å sjå ein god gjeng på bortefeltet! Kjensla frå ei scoring på overtid er uansett aldri feil:


Lerum er kampsponsor i kampen mot Aalesund på laurdag. Gjennom mange år har dei vore ein trygg og solid samarbeidspartnar for klubben, og dei har støtta oss i både oppturar og nedturar. Saft- og syltetøyprodusenten er viktig både for oss og resten av regionen, og me set stor pris på støtta!


Luis Pimenta fekk sjå laget sitt kjempe seg til eit poeng på overtid mot Kongsvinger. Mentaliteten for å kome tilbake var viktig, men han understreker at me ikkje var nøgde med å berre få det eine poenget. No går me for å slå Aalesund på laurdag:


Per-Egil Flo scora det viktige målet som sikra eitt poeng i førre kamp. Han er førebudd på ein tøff bortekamp mot Aalesund:


Me håpar å sjå mange tilreisande supportarar i Ålesund, og at me kan få den ekstra energien frå fansen! Det blir ein tøff kamp, men karadn skal gi alt. For dei som ikkje har moglegheit til å reise kan ein sjå kampen på Tv2 Play eller på Sogn Avis/Direktesport!

Kjøp billett til bortefeltet!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: