Runde 26: Sogndal - Start

OBOS-ligaen er tilbake etter ein liten pause, og me jaktar kvalikplass!

Sogndal - Start

  • Laurdag 18. oktober kl. 16:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2025, runde 26

Det gjekk ikkje slik me ønska før landslagspausen, men no har karadn fått ein liten pause og god tid til å førebu seg til ein ny kamp. Start og Azar Karadas kjem på besøk til Fosshaugadn, og me treng verkeleg poeng for å henge med i kampen og opprykkskvalifisering!

Sist me møtte Start var heilt tilbake til 1. runde av årets sesong. Me fekk ein pangstart på sesongen med scoring på straffespark etter berre 2 minutt, men heimelaget snudde til 2-1 og tok alle 3 poenga. Me har riktignok betre minne frå sist me møttast på Fosshaugadn. Då var det skikkeleg målfest og me hadde få problem i ein solid 4-0 siger. Per-Egil Flo, Edmund Baidoo og Erik Flataker stod for scoringane den gongen, og kanskje får me meir å juble for på laurdag. 

Start har sett solide ut i heile år, og lenge såg det ut til at dei skulle ta følgje med Lillestrøm opp til Eliteserien. Dei ligg framleis på 2. plass, men med berre 2 sigrar på dei siste 7 kampane i OBOS-ligaen har forspranget forsvunne. Både Start, Lyn og Kongsvinger står alle med 44 poeng, og like bak kjem Aalesund på 41 poeng. Det er heilt ope i toppen, og kvart poeng kan bli heilt avgjerande. Med 36 poeng har me berre 3 poeng opp til kvalikplassen, og me skal kjempe til siste slutt.

Me håpar å sjå mange på kamp på laurdag, og den siste tida har me prøvd å mobilisere litt ekstra. I førre veke besøkte me Kvåle Skule på "Bry deg-dagen", og både A-lagsspelarar og tilsette tok turen for å helse på ungdommane. Her delte me også ut billettar til elevane, og me håpar å sjå dei på kamp i den viktige kampen mot Start på laurdag!

Sander Granheim og Andreas Kalstad var med til Kvåle Skule
Sander Granheim og Andreas Kalstad var med til Kvåle Skule

Vår gode samarbeidspartnar Wattn er med oss på laget, og dei ønskjer å skape litt ekstra engasjement rundt kampen. Alle kundar av Wattn kan kjøpe billett til 50% rabatt mot Start, og me håpar det kan gi ein ekstra boost! Som kunde av Wattn vil ein kunne få tilgang til denne og andre gode tilbod, og me anbefalar alle å sjekke ut kva avtale dei kan tilby! Promokoden finn ein i appen! Les meir om Wattn her!

Me har mange gode samarbeidsklubbar i fylket, og på laurdag håpar me at dei ønskjer å kome på kamp. Alle kontaktpersonar i klubbane har fått tilsendt promokode slik at dei får billett til ein rabattert pris. Også studentane i Sogndal blir inviterte på kamp, og gjennom avtalen med Saman Sogndal kan dei kjøpe billett til berre 30,-! Me håpar å sjå dykk på Fosshaugadn!

Kjøp billett her!

 

Skraol Pub held ope frå kl. 14:00 på laurdag. Det blir som vanleg gode fotballdiskusjonar og ei kjekk oppladning til ein spennande kamp. Trenarane frå begge lag kjem innom lokalet for eit eksklusivt intervju i forkant av kampen, og ein kan få eit interessant innblikk i kva som er status i kvart av dei to laga.

Me har fått inn nye produkt i Sogndalbui, og på laurdag vil butikken vere open frå kl. 14:00! Ta gjerne turen innom for ein hyggeleg handel anten før kamp, i pausen eller etter kampslutt. Nettbutikken vil bli oppdatert med nye produkt innan kort tid. I mellomtida kan ein sjekke ut kva produkt me har tilgjengeleg i nettbutikken no!

Gå til Sogndalbui.no!

Luis Pimenta før kampen mot Start:


Martin Høyland før kampen Start:


Det er meldt flott haustvær under kampen i morgon, og me gler oss til å ta i mot dykk! Ta med venar og familie på kamp og støtt oss i sesonginnspurten!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: