Runde 27: Bortekamp mot Raufoss

Det blir ein ny hard kamp om poenga mot Raufoss!

Me møter Raufoss på bortebane i neste kamp, og allereie på onsdag skal det kjempast om poeng igjen. Det blir eit gjensyn med Kristoffer Steinset og Emmanuel Mensah på Nammo!

Raufoss kjempar med nebb og klør for å overleve i OBOS-ligaen, og me treng sårt ein siger for å henge med i kampen om kvalik. Det er framleis håp, og kampen på onsdag blir viktig for begge lag. Etter 26 rundar spelt ligg Raufoss på nedrykkskvalik med 25 poeng. I helga sneik Stabæk seg over på målskilnad då dei vann 5-0 mot Skeid, så Raufoss treng poeng og kjem til å gi oss ein tøff kamp.

Raufoss - Sogndal

  • Onsdag 22. oktober kl. 18:00

  • NAMMO Stadion

  • OBOS-ligaen 2025, runde 27

K P
7 Ranheim TF 28 42
8 Sogndal 28 40
9 Odd 28 33
10 Stabæk 27 31

I byrjinga av oktober vart det klart at hovudtrenar Tom Dent ikkje skulle leie laget resten av sesongen. Inn som erstattar kom tidlegare hovudtrenar Jörgen Wålemark. Før årets sesong gjekk han til Stabæk, men det vart eit kortvarig opphald der, og no skal han prøve å halde plassen med klubben han trena seinast i fjor. I stallen finn han blant anna to me kjenner godt. Kristoffer Steinset meldte overgang til Raufoss i sommar, medan Emmanuel Mensah er på lån til dei gule og svarte ut sesongen.

Me håpar å sjå supportarar i svart og kvitt på bortefeltet, sjølv om kampen spelast på ein onsdag! Støtta frå dykk kan vere det vesle ekstra som hjelper karadn til 3 viktige poeng!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: