Runde 28: Viktig kamp mot Egersund!

Me er i utfordrarposisjon til ein kvalikplass, og må ta 3 poeng på laurdag!

Sogndal - Egersund

  • Laurdag 25. oktober kl. 16:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2025, runde 28

Det spissar seg verkeleg til i toppen, og det er få poeng som skiljer på øvre halvdel av tabellen. Etter sigeren mot Raufoss er me i utfordrarposisjon til å ta ein kvalikplass, og kampen mot Egersund kan bli heilt avgjerande for korleis sesongen endar! No gjeld det, kom på kamp!

Kjøp billett her!

Egersund ligg på 5. plass med 3 rundar igjen, og har tatt 45 poeng på 27 spelte kampar. Lyn er på plassen bak med 44 poeng, og Ranheim har 7. plass med 42 poeng. Med både Egersund og Ranheim i våre to siste heimekampar har me framleis moglegheit til å kapre ein kvalifiseringsplass! Då treng me litt ekstra støtte frå publikum, og håpar å sjå dykk på kamp på laurdag!

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Lillestrøm Lillestrøm 28 23 5 0 82 18 64 74 V V V V V
2 Kongsvinger Kongsvinger 28 15 8 5 61 40 21 53 U V V V V
3 Start Start 28 14 7 7 53 34 19 49 T V U V U
4 Aalesund Aalesund 28 13 9 6 53 35 18 48 T V V V U
5 Egersund Egersund 28 14 6 8 49 37 12 48 V V V V V
6 Lyn Lyn 28 13 5 10 43 33 10 44 V V T T T
7 Ranheim TF Ranheim TF 28 12 6 10 41 46 -5 42 V T U V T
8 Sogndal Sogndal 28 11 7 10 45 44 1 40 U T U V T
9 Odd Odd 28 8 9 11 34 41 -7 33 V U U T U
10 Stabæk Stabæk 27 7 10 10 42 42 0 31 V U V V V
11 Hødd Hødd 28 8 7 13 34 52 -18 31 T T U T T
12 Åsane Åsane 28 7 9 12 38 50 -12 30 V T U T U
13 Raufoss Raufoss 28 7 8 13 42 54 -12 28 T T T T V
14 Moss Moss 28 7 6 15 39 62 -23 27 T T T T U
15 Mjøndalen Mjøndalen 27 4 7 16 31 67 -36 19 T V T T U
16 Skeid Skeid 28 1 9 18 28 60 -32 12 T T T T T

Egersund har vore i god form dei siste kampane, og kjem frå 4 strake sigrar. 4-0 mot både Ranheim og Raufoss vart fulgt opp med 2-0 mot Moss i førre runde. I vårt førre møte med Egersund tok me alle 3 poenga, og fekk servert ei skikkeleg kanonkule frå Vegard Hagen. Gode minner frå sigeren og eit gjensyn med denne perla er ikkje feil:

Etter at Egersund rykka opp til OBOS-ligaen har me møtt dei 3 gonger, og me har endå ikkje tapt. Me har vunne begge kampane på bortebane, og på Fosshaugadn vart det 2-2 i fjor. Den rekka har me tenkt å halde fram, og på laurdag går me for alle 3 poenga. Vegard Hagen leverte også målpoeng i sigeren mot Raufoss, og no er han og karadn klare for ein viktig kamp:


Malermester Eilert og Edvin Holme AS har spandert kampbillett til heile Kaupanger Skule! Tidlegare denne veka besøkte me Kaupanger Skule saman med Eilert Holme. Her vart det delt ut billettar til kampen mot Egersund i morgon! Me håpar det kjem mykje folk på kampen, og satsar på bra liv! Me treng verkeleg den ekstra støtta i innspurten!

- Det er utruleg kjekt for oss å kunne bidra til at alle får sjansen til å reise på kamp, fortel Eilert Holme.

Patrik Karoliussen var glad for dei 3 poenga mot Raufoss, men fokuset vart raskt retta mot ny kamp. Egersund er eit godt lag, men me skal gjere alt for å sikre ein ny siger:


Sogndalbui har fått inn nye produkt, og ein får no eit variert tilbod av supporterartiklar for store og små i butikken vår! Butikken i Sognekraftgata på Fosshaugadn held open frå kl. 14:00 før kampen mot Egersund. Den er også open i pausen og ei lita stund etter kampslutt. Nettbutikken har også blitt oppdatert med nye produkt, så her er det berre å sjekke ut!

Gå til Sogndalbui!

Jacob Flaten fekk æra av å leie laget som kaptein i sigeren mot Raufoss. Den siste tida har han steppa inn som venstreback og løyst oppgåva på strålande vis, og no gler han seg til laurdag:


Karadn er klare for kamp, og me håpar å sjå dykk på tribuna! No gjeld det, kom på kamp!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: