Runde 3: Åsane - Sogndal

Me er klare for runde 3 av OBOS-Ligaen

  • Åsane - Sogndal
  • Måndag 15. april klokka 19:00
  • Åsane Arena

Kjøp billett på bortefeltet her!

Det er klart for runde 3 i OBOS-ligaen, og me skal til Åsane for å kjempe om poenga. I Bergen veit me at støtta frå publikum er stor, og me håpar me har ein sterk gjeng i ryggen denne gongen også!

Førre gong me møtte Åsane på Åsane Arena enda det med 2-3. Måla til Sondre Ørjasæter, Erik Flataker og Daniel Arrocha snudde kampen og me tok med oss 3 poeng heim. Høgdepunkta frå kampen kan du sjå her:


Åsane har berre spelt ein seriekamp til no, då kampen deira mot Egersund er flytta til juni. I serieopninga spelte dei 2-2 heime mot Levanger, og står difor med eitt poeng totalt. I cupen spelte dei mot Fjøra på Fosshaugadn og vann til slutt 2-5.

Informasjon til deg som skal på kamp:

Bortefeltet er felt C på Nordre tribunen. Me anbefalar å kjøpe billett på førehand, og å dele billettlinken med nokon du vil ha med deg på kamp. Om du ønskjer litt mat og drikke før kampen, er Egon Åsane eit godt alternativ. Her kan ein møte andre supportarar og lade opp til kampstart klokka 19:00. Det er anbefalt å nytte kollektivtransport til Åsane Arena. Kle dykk i svart og kvitt, og ta turen til Åsane! Me håpar å sjå deg på bortefeltet på måndag!

Kjøp billett på bortefeltet her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: