Runde 4: Sogndal - Moss

Me er klare for ein ny heimekamp når Moss kjem på besøk

  • Sogndal - Moss
  • Laurdag 20. april kl. 16:00
  • Fosshaugane Campus

Det er klart for runde 4 i OBOS-ligaen, og me får besøk av Moss. Me står framleis utan tap i årets sesong, og det ønskjer me å vera etter denne runden også. Kom på kamp og hjelp oss til å ta 3 poeng!

Kjøp billett her!

I fjor møtte me Moss heile tre gonger, og gjekk sigrande ut frå alle oppgjera. Førre kamp var seriekampen på Fosshaugadn, og enda med 2-1-siger. Jónatan Jónsson og innbyttar Erik Flataker gjorde at me drog i land sigeren 4 minutt på overtid. Høgdepunkta frå kampen kan du sjå her:


I årets sesong har Moss hatt varierande resultat. Serieopninga heime mot Lyn enda med ein overbevisande 3-0-siger, medan dei tapte heile 5-0 borte mot høgflygande Levanger i runde 2. I cupen gjekk dei trygt vidare, og i førre kamp vann dei 2-1 mot Ranheim på Melløs. Det har resultert i 6 poeng og ein foreløpig 3. plass på tabellen.

Me ventar oss ein tøff kamp på Fosshaugadn på laurdag, og treng verkeleg støtta frå publikum. Skraol Pub er som vanleg open to timar før kampstart, og ein time etter kampen. Ta turen for ein god fotballprat, litt mat og drikke og ei kjekk oppladning til kampen.

Kjøp billett her!

Etter dagens trening fekk me ein prat med Rune Bolseth om seriestarten til no, og kampen mot Moss:


Vår samarbeidspartnar, Sognekraft, arrangerer folkelosje før kampen mot Moss. Kommunikasjonsansvarleg i Sognekraft, Ola Skram, har tatt ein prat med Tore André Flo og Erik Hovden Flataker:


Kom på kamp på laurdag!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: