Runde 6: Bortekamp på Høddvoll

Me er klare for ein ny bortekamp i OBOS-ligaen!

Hødd - Sogndal

  • Søndag 11. mai kl. 17:00

  • Høddvoll Stadion

  • OBOS-ligaen 2025 , runde 6

Allereie i morgon er det klart for ein ny runde i OBOS-ligaen. Me møter Hødd på Høddvoll, og jaktar 3 nye poeng!

Karadn har restituert godt etter førre kamp, og i dag gjekk turen nordover mot Ulsteinvik. Sjølv om det ikkje gjekk vår veg mot Kongsvinger, er karadn klare for kamp i morgon, og me håpar å sjå mange i svart og kvitt på tribuna!

Hødd har fått ein ok start på årets sesong og står med 7 poeng på dei fyrste 5 serierundane. Uavgjort mot Stabæk, siger mot Start og Lyn, og tap for Kongsvinger og Ranheim. Det gir foreløpig 9. plass på tabellen og -1 i målskilnad. I cupen vart det exit mot Grorud i 2. runde, og Hødd spelte altså ikkje cupkamp på onsdag.

Hødd sin trenar, Marius Bøe, kjenner me godt frå tida i Sogndal. I fjor tok han laget frå Ulsteinvik tilbake til OBOS-ligaen på fyrste forsøk, og forlenga seinare kontrakten med klubben. Av spelarar å sjå opp for er Elias Heggland Myrlid toppscorar med to scoringar.

Me håpar å sjå mange supportarar på bortefeltet i morgon. Det er meldt strålande vær i Ulsteinvik, og me veit at fleire tek turen frå Sogndal. Kle dykk i svart og kvitt, kom på kamp og gi alt! Saman skal me ta med 3 poeng heim til Saftbygda!

Kjøp billett til kampen her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: