IMG_9185 a

Runde 6: Levanger - Sogndal

Ein ny tøff bortekamp ventar oss i Trøndelag

  • Levanger - Sogndal
  • Laurdag 4. mai kl. 16:00
  • TOBB Arena

Etter 120 minutt og straffesparkkonkurranse mot KFUM i midtveka ventar no ein ny tøff bortekamp mot Levanger. Det er eit tett kampprogram på våren, men det er dette karadn har trena for i heile vinter. Me skal kjempe om 3 poeng på TOBB Arena, og håpar på støtte frå tribuna!

Kjøp billett på bortefeltet her!

Levanger har hatt ein imponerande start på sesongen, og står med 8 poeng på 5 kampar. Dei byrjar sesongen med uavgjort mot Åsane før dei banka Moss 5-0 på heimebane. Deira einaste tap denne sesongen kom heime mot Kongsvinger, når bortelaget reiste heim med 2-1-siger. Sanel Bojadzic har vore i storform i serieopninga og står med heile 8 mål og 1 målgivande på 5 kampar. I cupen er Levanger vidare til 4. runde etter å ha slått ut Mosjøen, Stjørdals Blink og Brann i dei tre fyrste rundane. Levanger er vanskelege å møte, og me får ei skikkeleg utfordring på laurdag.

Me står også med 8 poeng etter dei 5 fyrste rundane, og det er berre målskilnad som skiljer oss på tabellen. KFUM vart for sterke i straffesparkkonkurransen, men me tek med oss ein sterk prestasjon mot eit Eliteserielag. No skal tida inn mot kamp brukast godt slik at karadn er restituerte og klare til kamp på laurdag!

Me håpar å sjå vore trufaste supportarar i Trøndelag på laurdag. Det er alltid kjekt å sjå at me har supportarar som følgjer oss i heile Norge.

Kjøp billett på bortefeltet her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: