
Runde 7: Fotballfest mot Åsane!
Me inviterer til fest på fotballens nasjonaldag! A-laget
Sogndal - Åsane
-
Fredag 16. mai kl. 18:00
-
Fosshaugane Campus
-
OBOS-ligaen 2025, runde 7
Åsane er motstandar på fotballens nasjonaldag! Me ønskjer å sjå mange i svart og kvitt på Fosshaugadn, og skal gjere alt for å gå sigrande ut av kampen om dei 3 poenga!
Åsane fekk ein vanskeleg start på sesongen, men er på stigande form inn mot kampen på Fosshaugadn. I dei 3 siste kampane i OBOS-ligaen har dei tatt poeng mot Stabæk og Aalesund, i tillegg til å vinne på Sparebanken Norge Arena Kristiansand. I cupen har dei tatt seg vidare til 4. runde etter avansement mot Askøy, Sotra og Os. Viking er motstandar i neste runde.
Åsane blir som kjent trena av Eirik Bakke, og dette blir den andre gongen han er tilbake på Fosshaugadn som trenar. I fjor stakk Åsane av med sigeren, men i år skal poenga bli igjen i Sogndal. Me treng støtta frå tribuna, og håpar å sjå DEG på tribuna!
Velkommen til Skraol Pub!
Skraol er samlingsstaden på Fosshaugane Campus i forkant av A-laget sine kampar. Her kan ein møtast for ein god fotballprat, interessant program og noko godt å drikke før det brakar laust på bana. Bli med på oppladninga til kamp saman med oss! Det blir musikk på anlegget, intervju med sportssjef og trenarane, loddsal og mykje meir! Me ønskjer velkommen til fotballfest i Skraol Pub frå klokka 16:00!
NB. Det er 18 års aldersgrense i Skraol
Russebilletten
Sogndalsrussen har levert fantastisk på tribuna gjennom heile mai, og i morgon inviterer me til ein siste fest! Russebilletten gjeld også mot Åsane, og alle russ kan sikre seg billett til berre 50kr. Bruk promokoden russ25 i ticketco og sikre deg billett! Me håpar at ein saman med Saftkokaradn kan skape eit skikkeleg trøkk, og at me får mykje å juble for i morgon!
Det er meldt strålande sol og fine temperaturar i morgon! Kva er vel betre enn å ta fredagskvelden på Fosshaugadn? Kom gjerne tidleg til stadion, stikk innom Skraol Pub eller Sogndalbui og kos dykk med underhaldande fotball i solskinet!
STAO NO PAO!