Runde 7: Lagoppstillinga mot Sandnes Ulf

Det nermar seg avspark og lagoppstillinga er klar!

Karadn har hatt ei god veke på treningsfeltet, og fått restituert godt etter ein travel periode. No er dei klare til kamp mot Sandnes Ulf heime på Fosshaugadn. Dette er dei som startar kampen:

Lars Jendal tek plass mellom stengene. I forsvar har me diverre fått ein skade på Per-Egil Flo, men Mathias Øren er klar og tek kapteinen sin plass. Daniel Arrocha, Andreas Hoven og Martin Sjølstad er resten av vår bakre firar. På midtbana finn me Edmund Baidoo, Martin Høyland, Jacob Blixt Flaten og Felix Eriksson. På topp er det Oliver Hintsa og Erik Hovden Flataker som får tillit. Då ser laget slik ut:

Lagoppstilling Sandnes Ulf (5).png

På benken sit Magnus Stær-Jensen, Emmanuel Olugbe, Johannes Konstali-Lødemel, Kristoffer Haukås Steinset, Isaac Twum, Marius Årøy og Joakim Nundal.

Kampen kan du sjå på Tv2 play eller på Direktesport med abonnement på Sogn Avis. Karadn er klare! Er du?

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: