Runde 7: Sogndal - Sandnes Ulf

Me er tilbake på Fosshaugadn og klare for ny heimekamp!

  • Sogndal - Sandnes Ulf
  • Laurdag 11. mai kl. 16:00
  • Fosshaugane Campus

Kjøp billett her!

Etter to bortekampar på rad i OBOS-ligaen er me endeleg tilbake på Fosshaugadn for å kjempa om poeng! På laurdag kjem Sandnes Ulf på besøk, og det er klart for ein spennande fotballkamp mot laget frå sykkelbyen.

Sandnes Ulf har hatt ein målrik start på sesongen, og er det laget som har vore involvert i flest mål både for og mot. Serieopninga tapte dei 4-3 mot Egersund, og førre kamp enda 3-3 mot Moss. Dei står med 6 poeng etter dei fyrste 6 kampane og ligg på 13. plass på tabellen. I cupen er dei vidare til 4. runde etter 5-4-siger mot Eliteserielaget Odd. Det betyr at dei møter Eidsvold Turn på bortebane i dag, onsdag, før dei kjem til Sogndal.

Våre karar har fått ei heil veke til restitusjon og trening. Førre kamp spelte me 0-0 borte mot Levanger, og fekk med oss eitt poeng heim. Etter dei fyrste 6 kampane står me med 9 poeng og ligg på 5. plass på tabellen. Etter 4 bortekampar og 2 heimekampar er det ein godkjent poengfangst. No jaktar me 3 poeng på heimebane mot Sandnes Ulf!

Me håpar å sjå deg på Fosshaugadn på kamp på laurdag. Skraol Pub opnar klokka 14:00, og er ein fin samlingsstad før kamp. Ta turen til Fosshaugadn og hjelp oss i kampen om 3 poeng!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO! 

Annonse fra Obos-ligaen: