Runde 8: Aalesund - Sogndal

Det er duka for fotballens festdag, 16. mai!

  • Aalesund - Sogndal
  • Torsdag 16. mai kl. 18:00
  • Color Line Stadion

Etter ei flott helg på Fosshaugadn går turen til Ålesund allereie på torsdag. Me er klare for nok ein tøff bortekamp, og tangotrøyene frå Jugendbyen inviterar til fotballens festdag på Color Line Stadion.

Aalesund har fått ein tøff start på årets sesong, og står med 1 siger, 2 uavgjorte og 4 tap. Det gir 4 poeng og foreløpig 15. plass i OBOS-ligaen, men det er tett mellom laga og framleis alt for tidleg å studere tabellen. I cupen vart Hødd for sterke i 2. runde, og sendte Aalesund ut etter ekstraomgangar. Me forventar ein tøff kamp mot eit lag som desperat treng poeng og ein opptur. Ålesund mobiliserar til 16. mai-kamp, og me treng verkeleg støtta frå bortefeltet i kampen om dei tre poenga!

Me held fram den gode poengfangsten på heimebane, og har med oss ei god kjensle når me skal til Ålesund. No har me lyst å ta 3 poeng på bortebane for fyrste gong i år, og karadn er fullt fokuserte på neste kamp. På onsdag trenar laget i Ålesund, og gjer dei siste førebuingane inn mot kampen. Me har fått ein prat med Erik Flataker og Oliver Hintsa om sigeren mot Sandnes Ulf og den kommande kampen mot Aalesund:



Sjå situasjonen frå treninga over og vurder sjølv: var ballen over streken eller ikkje? Me fekk også ein prat med sjefen sjølv etter dagens trening. Tore André var godt nøgd med sigeren mot Sandnes Ulf, men understrekar at fokuset allereie er retta mot neste kamp:


Me håpar å sjå deg på bortefeltet i Ålesund. Ta gjerne turen for å støtte oss i kampen om 3 poeng! Kampen blir sendt på Tv2 play og Direktesport som ein har tilgang til via Sogn Avis. Fjøra Pub i Sogndal viser også kampen, og her kan du nyte noko godt å drikke saman med andre supportarar.

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: