
Runde 8: Me jaktar poeng borte mot Egersund!
Egersund er vår neste motstandar i OBOS-ligaen! A-laget
Egersund - Sogndal
-
Søndag 25. mai kl. 17:00
-
B&G-banen
-
OBOS-ligaen, runde 8
Egersund er vår neste motstandar i OBOS-ligaen, og me gler oss til ein tøff kamp om poenga! Dei gule og svarte har fått ein god start på sesongen, og står med 13 poeng på dei fyrste 6 kampane sine. Dei har spelt fleire målrike kampar, og det kan fort bli ein underhaldande kamp i morgon.
To gonger i år har Egersund gjennomført imponerande comeback. Frå 0-2 heime mot Mjøndalen etter 9 minutt enda i 3-2 siger, og 0-3 heime mot Skeid vart snudd til 4-3 siger. Kampen er altså ikkje ferdig før dommaren bles av etter 90 minutt!
Assistenttrenar og toppspelarutviklar Patrik Karoliussen fortel om treningsveka og kva type motstand me får i Egersund i morgon:
Martin Høyland scora eit nydeleg mål, og sikra ein herleg siger mot Egersund i fjor. Stemninga i gruppa er god, og karadn er klare for kamp. Kanskje får me ei ny scoring frå midtbanemannen?
Sjå scoringa her:
Me gler oss til kamp, og håpar å sjå ein god gjeng på bortefeltet!
STAO NO PAO!