Runde 9: Sogndal - Raufoss

Me gler oss til ny kamp og jaktar 3 poeng på Fosshaugadn!

Sogndal - Raufoss

  • Laurdag 31. mai kl. 16:00

  • Fosshaugane Campus

  • OBOS-ligaen 2025, runde 9

Det er klart for ein ny kamp på Fosshaugadn, og Raufoss står på motsett banehalvdel. Me går for ein ny siger, og håpar at heimepublikum hjelper oss i siste kamp før ein liten pause!

Raufoss er alltid ein tøff motstandar, og me er klare for ein skikkeleg kamp i morgon. Etter dei fyrste 8 rundane ligg dei på 10. plass med 11 poeng, men det er berre 4 poeng bak oss, og det er veldig lite som skiljer laga på tabellen. Raufoss har vore best på heimebane, og har berre tatt to poeng ute på tur denne sesongen. Både mot Ranheim og Mjøndalen spelte dei 1-1, men den fyrste sigeren let vente på seg. I førre runde tok dei ein sterkt siger heime mot Stabæk, og det er eit lag med sjølvtillit som kjem til Fosshaugadn i morgon.

James Ampofo er toppscorar for Raufoss med sine 3 scoringar, og forvarsspelar Kristoffer Hay har vore nest sist på to scoringar, som faktisk har vore avgjerande for 4 poeng. Naturlege koplingar mellom dei to klubbane er Jamal Haruna som kom til oss frå nettopp Raufoss, og tidlegare Sogndalspelar Ole Amund Sveen som no er i Raufoss.

 

Jubel etter scoring mot Raufoss i fjor
Erik Flataker, Edmund Baidoo og Martin Høyland jublar for scoring mot Raufoss i 2024
S Sogndal-Åsane (2-0) 16.05.2025 18:00 Fosshaugane Campus
S Egersund-Sogndal (0-2) 25.05.2025 17:00 B&G Parken (hovedbanen)
U Sogndal-Raufoss (2-2) 31.05.2025 16:00 Fosshaugane Campus
OBOS-ligaen
TV 2 Play
Kongsvinger-Sogndal 14.06.2025 16:00 Gjemselund 1 kunstgress 11er Logo for Eliteserien Billettar
Skeid-Sogndal 18.06.2025 19:00 Nordre Åsen kunstgressbane Logo for Eliteserien Billettar

Historisk sett har me gjort det godt mot Raufoss på heimebane og fått meir problem i bortekampane. I fjor enda det med poengdeling og 1-1 på Fosshaugadn i ein kamp der Jamal Haruna fekk i oppgåve å stoppe Edmund Baidoo. Bortekampen mot Raufoss var Emmanuel Mensah sin debut, og han markerte seg med scoring i fyrste kamp. Diverre vart det eit tungt 4-1-tap i den kampen. I år er det mykje nytt for begge laga, og me går sjølvsagt for sigeren i morgon!

Skraol Pub held som vanleg ope i 2 timar før kampstart, i pausen og 1 time etter kampslutt. Me ønskjer velkommen til ein god fotballprat, noko godt å drikke og eit spennande innblikk i kva trenarane til begge lag seier før kampstart. Skraol er ein fin møteplass i timane før kampstart, og me håpar du vil lade opp til kamp saman med oss! I ventetida fram mot kampstart kan ein også ta ein tur innom Sogndalbui. Me har flotte drakter og mange andre supportarartiklar for små og store. Kanskje du treng eit par solbriller, ein bøttehatt eller eit nytt supporterflagg? Ta turen då vel!

Delar av sortimentet er også tilgjengeleg i nettbutikken vår!

Luis Pimenta har gjennomført sine 8 fyrste kampar i OBOS-ligaen for Sogndal, og mot Raufoss håpar han å sjå DEG på kamp! I eit ope brev til supportarar, samarbeidspartnarar og støttespelarar oppfordrar han til å støtte laget i den siste kampen før ein liten ferie:

Martin Sjølstad leverer gode prestasjonar på venstrebacken for tida, og i morgon er han klar for ny kamp på Fosshaugadn. Høyr kva han sa etter dagens trening:


Det er meldt om strålande sol, og fin temperatur i morgon. Det er ingenting som er betre enn å nyte underhaldande og fartsfylt fotball i sommarvarmen! Ta med vennar og familie, kjøp billett og kom på kamp!

Kjøp billett her!

PS. På søndag kan ein sjå både Fjøra, Sogndal FK Damer og Sogndal 2 på Fosshaugadn. Kampstart kl. 11:00, 14:00 og 17:00!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: