Rundeoppsummering Kretsligaen: Runde 5

Oppsummering av alle kampane i runde 5 av Kretsligaen

Runde 5 av Kretsligaen 2024 er ferdigspelt, og her kjem ei kort oppsummering av alle kampane:

Studentspretten - Jølster 3-0 (1-0)

Mål: 1-0 Theo Herheim Egge 16. min, 2-0 Torgrim Hjelle Eltvik 73. min, 3-0 Emil Hellesen Engelsen 90. min.

Gule kort: Elias Solheimsnes Vindheim, Jølster. Preben Bruflot Undeland, Studentspretten. Anders Sylte Bellen, Studentspretten.

Rødt kort: Runar Sundal, Jølster (Ass.trenar)

Studentspretten tek årets fyrste siger, og det vart ein overbevisande siger heime mot Jølster. Etter ei tidleg leiing i fyrsteomgang vart den auka til 2-0 og 3-0 mot slutten av kampen. Studentspretten klatrar på tabellen og står med 5 poeng. Like bak finn ein Jølster med 4 poeng etter dei fyrste 5 kampane.

Dale - Måløy 4-1 (2-1)

Mål: 1-0 Sander Kapstad 5. min, 2-0 Felix Rørvik Solheim 15. min, 2-1 David Hamre Da Silva 24. min, 3-1 Vegard Eikevik Dyrstad 49. min, 4-1 Sander Kapstad 90. min.

Gule kort: Erik Hagevik Birknes, Måløy. Einar Aase, Dale. Anders Furset, Dale. Felix Rørvik Solheim, Dale.

Dale held fram den imponerande sesongstarten og vinn 4-1 heime mot Måløy. Etter ei tidleg 2-0-leiing reduserte Måløy halvvegs i den fyrste omgangen. I andreomgang vart Dale for sterke og auka til 4-1. Dale held seg i toppen av tabellen med 12 poeng, medan Måløy framleis står med eitt poeng i den andre enden av tabellen.

Sandane - Eid 0-2 (0-2)

Mål: 0-1 Henrik Vingen Vedeld 15. min, 0-2 Kristian Lefdal 42. min.

Gule kort: August Aa Berge, Sandane.

Eid tek nok ein siger og dei to måla i fyrsteomgang var nok til 3 poeng borte mot Sandane. Eid står med 12 poeng på dei fyrste 5 kampane, og har framleis berre tapt mot Fjøra i årets sesong. Sandane står framleis med 7 poeng.

Stryn - Fjøra 0-2 (0-0)

Mål: 0-1 Malvin Gjerde 53. min (str.), 0-2 Malvin Gjerde 71. min.

Gule kort: Vegard Sæten Hopland, Stryn. Tomas Eikenes Tjellaug, Stryn. Isak Hauge Sørensen, Fjøra. Mathias Hovland, Fjøra. Brynjar Flatebø, Fjøra. Kevin Hoddevik, Stryn.

Fjøra tek med seg 3 poeng heim frå Stryn. Etter ein omgang der Stryn skapar mykje sjansar endra kampen seg i andreomgang, og Fjøra avgjer kampen med to scoringar. Malvin Gjerde noterer seg for to nye scoringar i Kretsligaen og står no med 5 mål.

bilde240511strynfjora184.jpg
 

Høyang - Førde 2 5-2 (1-1)

Mål: 0-1 Elias Sande-Neset 27. min, 1-1 Sander Stølen Olsen 45. min, 1-2 Gaute Sunde Sandal 63. min, 2-2 Daniel Skilbrei Aven 66. min, 3-2 Joakim Sjøthun Måren 70. min, 4-2 Eirik Råsberg 77. min, 5-2 Daniel Skilbrei Aven 89. min.

Gule kort: Benjamin Ramsli Lyeng, Høyang. Sander Stølen Olsen, Høyang. Daniel Skilbrei Aven, Høyang. Joakim Sjøthun Måren, Høyang. Elias Sande-Neset, Førde 2.

Rødt kort: Kristoffer Dale Hanssen, Førde 2.

Høyang tek med seg 3 poeng i ein intens kamp i Høyanger. Førde 2 tok leiinga i fyrsteomgang ved Elias Sande-Neset. Like før pause vart det dramatisk når Høyang utlikna til 1-1 og Førde 2-keeper Kristoffer Dale Hanssen fekk direkte raudt kort. Bortelaget tok så leiinga med 10 mann i andreomgang, men Høyang slo raskt tilbake og ga seg ikkje før det stod 5-2 på tavla. Sigeren gjer at Høyang har 12 poeng etter 5 kampar, og Førde 2 framleis har 4 poeng.

Sogndal 2 - Vik 7-1 (2-1)

Mål: 0-1 Eirik Følid Berglund 21. min, 1-1 Joakim Berg Nundal 37. min, 2-1 Kristoffer Haukås Steinset 45. min, 3-1 Joakim Berg Nundal 57. min, 4-1 Viljar Stavø 73. min, 5-1 Viljar Stavø 88. min (str.), 6-1 Kristian Kongelf 89. min, 7-1 Johannes Konstali-Lødemel 90. min

Gule kort: Martin Stadheim, Vik.

Sogndal 2 vartar opp med nok ein storsiger på Fosshaugadn. Vik tok leiinga i fyrsteomgang mot spelets gang, men det tok ikkje lang tid før kampen var snudd. I andreomgang scora toppscorar Viljar Stavø to gonger, og på slutten rann måla inn. Kristian Kongelf var tilbake frå skade og kom også på scoringslista. Sogndal 2 er tilbake på tabelltopp, og i neste kamp er det toppkamp mot Fjøra på Fosshaugadn!

IMG_0545 a.JPG
 

Den neste runden av Kretsligaen spelast på fotballens festdag, 16. mai, og ser slik ut:

  • Dale - Høyang, 16. mai kl. 18:00
  • Eid - Stryn, 16. mai kl. 19:00
  • Måløy - Sandane, 16. mai kl. 19:00
  • Vik - Studentspretten, 16. mai kl. 19:00
  • Fjøra - Sogndal 2, 18. mai kl. 15:00
  • Jølster - Førde 2, 20. mai kl. 17:30

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: