Rundeoppsummering Kretsligaen: Runde 6

Oppsummering av alle kampane i runde 6 av Kretsligaen

Runde 6 av Kretsligaen 2024 er ferdigspelt, og her kjem ei kort oppsummering av alle kampane:

Dale - Høyang 1-4 (1-2)

Mål: 0-1 Joakim Sjøthun Måren 1. min, 1-1 Vegard Eikevik Dyrstad 16. min, 1-2 Mentasenote Alemu Girmissio 36. min, 1-3 Bernard Breidvik 55. min, 1-4 Sander Stølen Olsen 58. min.

Gule kort: Martin Rysjedal Tonning, Dale. Jonathan Østerbø Breidvik, Høyang. Eirik Tonning Hatløy, Dale.

Dale går på sesongens andre tap heime for Høyang. Etter eit tidleg mål frå bortelaget utlikna Dale 15 minutt etter. Høyang tok seinare leiinga til pause, og i andreomgang auka dei leiinga til 1-4. Det betyr 3 nye poeng for Høyang som står med 15 av 18 moglege poeng i sesongstarten.

Eid - Stryn 5-1 (2-1)

Mål: 1-0 Henrik Vingen Vedeld 28. min, 1-1 Jørgen Trøsken 30. min, 2-1 Marius Åsebø 45. min (str.), 3-1 Håvard Holmøyvik 54. min, 4-1 Henrik Vingen Vedeld 65. min, 5-1 Henrik Vingen Vedeld 69. min.

Gule kort: Kevin Hoddevik, Stryn.

Eid tek ein ny siger på heimebane og scorar heile 5 mål mot Stryn. Henrik Vingen Vedeld noterer seg for hattrick, og er oppe i 6 mål totalt denne sesongen. Eid klatrar opp på tabelltopp og har saman med Høyang 15 poeng. Stryn ligg framleis heilt i den andre enden av tabellen med eitt poeng på 6 kampar.

Måløy - Sandane 1-3 (1-0)

Mål: 1-0 Sondre Apneseth 29. min, 1-1 Filip Pleym Mardal 67. min, 1-2 Filip Pleym Mardal 90. min, 1-3 Filip Pleym Mardal 90. min

Gule kort: Erik Hagevik Birknes, Måløy. Adrian Chruickshank Holvik, Måløy. Martin Hukset, Sandane. August Aa Berge, Sandane. Olav Nojosa Flatabø, Sandane. Runar Televik Blaalid, Måløy. Filip Pleym Mardal, Sandane.

Sandane tek ein sterk siger borte mot Måløy etter ein god andreomgang. Heimelaget tok leiinga i fyrsteomgang, men etter pause scora Filip Pleym Mardal hattrick og sikra at 3 poeng vart med heim til Sandane. Både 2-1 og 3-1 kom heilt på slutten av kampen. Sigeren gjer at Sandane kjem opp i 10 poeng på 6. plass på tabellen. Måløy blir ståande med eitt poeng på dei fyrste 6 kampane.

Vik - Studentspretten 1-1 (1-0)

Mål: 1-0 Jaran Tryti 30. min, 1-1 Anders Sylte Bellen 90. min.

Gule kort: Hans Pedersen Grønningsæter, Vik. Ole-Jakob Golten Pettersen, Studentspretten. Nikolai Bernes Hitland, Studentspretten.

Det endar med poengdeling mellom Vik og Studentspretten. Heimelaget tok leiinga i fyrsteomgang, men studentane frå Sogndal redda eit poeng heilt på slutten av kampen. Vik og Studentspretten er tabellnaboar også etter runde 6 på 8. og 9. plass. 

Fjøra - Sogndal 2 2-2 (2-1)

Mål: 0-1 Joakim Berg Nundal 26. min, 1-1 Anton Sekkingstad 31. min, 2-1 Malvin Gjerde 40. min, 2-2 Elling Ingeson Kvåle 90. min.

Gule kort: Mathias Sunde Årdal, Fjøra. Mathias Hovland, Fjøra. Kristian Kongelf, Sogndal 2. Patrik Karoliussen, Sogndal 2 (Trenar), Kristoffer Haukås Steinset, Sogndal 2. Even Humlebrekke Nebb, Sogndal 2 (Keepertrenar)

Ein tett og jamn kamp endar med poengdeling på Fosshaugadn. Etter at Sogndal 2 tok leiinga snudde Fjøra kampen før pause. På overtid av kampen redda Elling Ingeson Kvåle eitt poeng for Sogndal 2. Det betyr at Fjøra og Sogndal 2 framleis har like mange poeng, men at Eid og Høyang klatrar forbi begge på tabellen.

IMG_1605.JPG
Elling Ingeson Kvåle redda eitt poeng for Sogndal 2

Jølster - Førde 2 0-1 (0-1)

Mål: 0-1 Elias Sande-Neset 40. min

Gule kort: Elias Solheimsnes Vindheim, Jølster. Elias Sande-Neset, Førde 2. Arne Olai Orheim Vallestad, Førde 2.

Rødt kort: Arne Olai Orheim Vallestad, Førde 2. (2. gule)

Førde 2 tek med seg 3 poeng heim frå Skei. Målet til Elias Sande-Neset i fyrsteomgang var nok til å sikre sigeren, og Førde 2 holdt leiinga heile kampen sjølv med ein mann mindre. Førde 2 klatrar opp til 7 poeng og 7. plass i Kretsligaen. Jølster ligg på 10. plass med 4 poeng.

Neste runde i Kretsligaen ser slik ut:

  • Sogndal 2 - Eid, torsdag kl. 19:00
  • Stryn - Måløy, laurdag kl. 14:00
  • Sandane - Dale, laurdag kl. 14:00
  • Høyang - Jølster, laurdag kl. 14:00
  • Studentspretten - Fjøra, laurdag kl. 14:00
  • Førde 2 - Vik, søndag kl. 17:00

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: