Saftkokaradn held trykket oppe

Ny leiar og nye lokale for klubbens 12. mann

Supportarklubben Saftkokaradn er på nytt godt synlege i bybiletet i Sogndal. Dei har fått nye lokale i Amfi – mellom Power og biblioteket.

Kokarbui heiter staden, og her kan du følgja Sogndal Fotball sine bortekampar på storskjerm. Bui er også staden for fotballprat og sal av supportarutstyr – blant anna ein kolleksjon jakkar som Satkokaradn har fått laga i samarbeid med sponsoren Intersport.

- Me er takksame for at Amfi har skaffa oss nye lokale. Då får me ein samlingsplass, og dette blir ein viktig plass med tanke på å rekruttera nye medlemer, seier Tonje Norheim Tangerud.

På biletet over ser me styret i Saftkokaradn som var samla for å sjå kampen mot Tromsø måndag kveld. Frå venstre nestleiaren Tonje Norheim Tangerud, den nye leiaren Øyvind Heimset Larsen, Therese Flæte Blomberg, Bente Mossige Ask og Joakim Lærum. Bak tronar Sindre Myrvang på skjerm frå Oslo – styremedlem han også. I tillegg var ikkje Kim Andre Molland til stades.

Vidar gjekk av
Tonje er nesteleiar i styret, og ho er for veteran å rekna. Men Saftkokaradn har fått ny leiar i år. Øyvind Heimset Larsen overtok i sommar stafettpinnen etter legendariske Vidar Vadset som har vore heilt sentral i supportarklubben heilt sidan starten i 2001.

Safkokaradn har dermed fått ein leiar med røtene sine i Nordfjord. Øyvind er gloppar, og jobbar i Vestlandsforsking som har lokale i Sognahallen.

Øyvind er langt frå ny som safkokar han heller. Dessutan er resten av styret med han vidare.

-Det skal gå greitt «å hoppa etter Vidar Vadset». Han er med oss vidare, og han er framleis supporterleiar på nasjonalt nivå. Dessutan har me eit styre med god erfaring, seier Øyvind.
(saka held fram under biletet)

117880310_10158884631483678_2267212537984760502_o
Safkokaradn held koken, også under pandemien. Her under kampen mot Ranheim (Foto: Toril Walker Norheim)

Prega av pandemien
Korona-pandemien pregar framleis sterkt fotballsesongen – også for supportarklubben. Ingen reiser på bortekampar i år. Juniorsvingen står tom. Og det er kamp om dei tilmålte billettane på Campus.

--Det er mange som ønskjer billettar, men me klarer stort sett å skaffe til dei som vil ha. Blant anna er det sponsorar som gir vekk kampbillettar til supportarklubben, fortel styremdlemmene.

Pandemien har difor ikkje fått dramatiske følgjer for Saftkokaradn. Snarare tvert om, fortel Bente Mossige Ask:

-Det er heller motsett – me får fleire medlemer. Det kan også ha å gjera med at det no er lettare å ordna medlemskap elektronisk, seier Bente.

Held trykket oppe
Ei viss rolle spelar det kanskje at laget leverer varene på bana for tida. Og Saftkokaradn har, som vanleg, markert seg som den 12. mann på Fosshaugane Campus denne sesongen. Supportarane held trykket oppe også i OBOS-ligaen. Ja, medan laget sportsleg sleit litt ein periode i fjor, så fekk dei skryt av Endre Romøren i Sogn Avis.

«Safkokaradn» held eliteserienivå», skreiv Romøren.

I den nye Kokarbui kan du skaffa deg ny supportarjakke – med eller utan eigen tekst
I den nye Kokarbui kan du skaffa deg ny supportarjakke – med eller utan eigen tekst

 

Annonse fra Obos-ligaen: