Samarbeidet med Wattn held fram

Sogndal Fotball og Wattn forlengjer samarbeidsavtalen, og straumselskapet blir med vidare som partnar også i 2026-sesongen.

Wattn kom inn før 2025-sesongen, og har sidan vore ein synleg og aktiv del av partnarfamilien. Mellom anna er dei profilerte på drakta.

Kva held Wattn på med? Les meir om dei her.

– For oss handlar samarbeidet med Sogndal Fotball om meir enn synlegheit. Klubben representerer mange av dei same verdiane som me ønskjer å stå for; fellesskap, utvikling og lokal forankring. Me ønskjer å bidra til eit sterkt lokalsamfunn, samstundes som me byggjer kjennskap til Wattn og kjem tettare på både privat- og bedriftskundar på Vestlandet, seier Frank Torheim, sal- og marknadsdirektør i Wattn.

Smil! Wattn er med!
Smil! Wattn er med!

Felles røter og ambisjonar

Wattn er ein straumleverandør med røter på Vestlandet og kundar over heile landet. Sogndal Fotball er på si side ein av dei mest tradisjonsrike klubbane i regionen.

Samarbeidet byggjer på eit felles ønskje om å styrkje lokalsamfunnet og bidra til utvikling i regionen.

Wattn leverer i tillegg straum til Fosshaugane Campus, der toppidrett, utdanning og næringsliv møtest.

– Det gjer samarbeidet ekstra meiningsfullt at me ikkje berre er partnar, men også leverer straum til Fosshaugane Campus og bidreg til energien som held aktivitetane i gang, seier Torheim.

Vil skape meir liv rundt kampane

Inn mot denne sesongen ønskjer me å utvikle samarbeidet vidare. Målet er å skape meir aktivitetar og engasjement rundt kampane på Fosshaugane, skape gode tilbod for både supportarar og kundar, og bidra til auka engasjement rundt klubben ute i regionen.

Samstundes skal samarbeidet bidra til å styrkje Wattn si tilknyting til regionen. Som eit vestlandsforankra straumselskap med eigarar som mellom anna Sognekraft, deler Wattn og Sogndal Fotball eit sterkt engasjement for lokal verdiskaping og utvikling.

– Me er svært glade for at Wattn vel å vere med vidare. Dei har vore ein positiv og engasjert samarbeidspartnar, og forlenginga gir oss moglegheit til å byggje vidare på eit godt samarbeid og skape verdi både for kvarandre, supportarane våre og lokalsamfunnet, seier konstituert dagleg leiar i Sogndal Fotball, Ingrid Narum.

Sogndal Fotball er glade for at Wattn vel å vere med vidare, og ser fram til ein ny sesong med godt samarbeid både på og utanfor bana.

Frank Torheim og Ingrid Narum
Frank Torheim og Ingrid Narum

 

Annonse fra Obos-ligaen: