Samling i Svein Bakke sitt minnefond

Kring 50 hadde møtt fram til stilfull samling i forkant av kampen mellom Sogndal og Start

Det var ein fin dag for fotball på Fosshaugane laurdag 20. november. Først var det samling for kring 50 deltakarar for ei orientering om Svein Bakkes Minnefond. Utgifter til denne samlinga vart dekka av gode vener av minnefondet. Styreleiar Ingvar Stadheim fortalde om bakgrunnen for fondet, og korleis styret har jobba for å finna verdige kandidatar til å få utdelt midlar. Ingvar Stadheim forklara litt om statuttane for fondet.

– Svein var oppteken av mange ting, men først og fremst at vi skulle klare å utvikla og få fram talent frå Sogn og Fjordane. Det er viktig for oss i minnefondet å følgja opp dette, sa Ingvar Stadheim. Han la til:

– Det kan vera tiltak eller arbeid som alt er starta, som me kan styrka og gjera betre. Det kan og vera nye prosjekt, og der me kan bidra til god kvalitet i arbeidet. Målet er at dette kan føra til å få fram fleire talent som kan utvikla seg og spela for dei beste klubbane i fylket. Dette skal vera midlar som kjem fotballtalent frå heile regionen og fylket til gode.

Ingvar og Svein.
Ingvar og Svein.

I utgangspunktet var minnefondet på i overkant av 4 millionar kroner. Etter litt prøving og vurderingar, har styret kome fram til at dei vil gje vesentlege økonomiske bidrag til nokre få utøvarar/klubbar. Det er viktig at midlane skal gå til den/dei som driv utviklingsarbeid og spelarutvikling som kjem heile regionen og fylket til gode.

Sist ut er nyskipa Sogndal Fotballklubb Damer. Dette er den nye samarbeidsklubben mellom Kaupanger og Sogndal. Dei fekk viktige midlar til ei auka satsing sist sesong. Dei to leiarane Åse Nerås og Sebastian Kaldestad orienterte om den nye tida for damelaget og samarbeidet som no er innleia med Sogndal Fotball. Det nye laget overtek Kaupanger sin plass i 2. divisjon. Dette er svært interessante og viktige planar for damefotballen i heile fylket, og noko som vil ha ringverknader også for jentefotballen og rekrutteringa, og dermed talentutviklinga for jentene.
 

Åse Nerås og Sebastian Kaldestad fortel om planane.
Åse Nerås og Sebastian Kaldestad fortel om planane.

Utviklingsavdelinga i Sogndal Fotball har og fått vesentlege midlar frå fondet. Her har særleg G16-laget som spelar i den nasjonale serien imponert, og der fleire talent frå fotballfylket er med. Dei kan stå som eksponentar for korleis spelarutvikling kan utøvast. Dette laget har samlingar på Fosshaugane Campus ein gong i veka, i tillegg til fleire helgesamlingar i løpet av fotballåret. Med på dette laget er spelarar frå heile fylket i tillegg til Sogndal sine eigne.

Nyleg spelte dette laget Skandinavisk meisterskap i Gøteborg og hevda seg godt i det tøffe selskapet mot lag som Brøndby og AIK Stockholm. Denne satsinga er heilt i tråd med minnefondet sine statuttar.

På samlinga denne laurdagen var og fotballkretsen representert ved nestleiar Jon Georg Rutledal. Jon Navarsete la fram ei historisk vandring og forteljing om Svein Bakke sin unike karriere som spelar og leiar i Sogndal Fotball og norsk toppfotball frå 1971 og til han så alt for tidleg gjekk bort i 2015.

Dagen vart avslutta med ein flott fotballkamp. Kristoffer Nessø varta opp med ei scoring av klasse mot Start. Diverre vart det med det eine målet for Sogndal, trass i sjansar til å sikra leiinga. Men 1-1 var eit greitt resultat å ta med seg. Før denne kampen fekk to av fylket sine fotballtalent utdelt Tullenprisen for 2021.

Ingrid og Eirik mottok Tullenprisen.
Ingrid og Eirik mottok Tullenprisen.

At valet fall på Ingrid Jåstad og Eirik Lereng var berre rett og rimeleg. Ingrid med bakgrunn frå Hafslo og Kaupanger, Eirik med Jotun som moderklubb før han gjekk til Sogndal. Begge har hatt ei flott utvikling siste åra. Så prisen var velfortent.

Styret i minnefondet: Ingvar Stadheim (leiar), Tone Bakke, Eirik Bakke, Margrethe Svidal, Kåre Jan Mjelleli og Rolf Navarsete.

 

Annonse fra Obos-ligaen: