Sander (18) vel Sogndal: – Me har noke på gang

Sander Granheim (18) og Sogndal er einige om ny kontrakt.

Den unge landslagsspelaren frå Sandane har forlenga kontrakta si med Sogndal Fotball ut 2029.

– Eg føler me har noke spennande på gang her i Sogndal. Eg utviklar meg veldig bra i dette miljøet og har framleis mykje å lære, seier Sander.

18-åringen tok både Fosshaugane og OBOS-ligaen med storm i fjor. Etter debuten i første seriekamp, spelte han seg rett inn i hjarta til supporterane og starta samtlege kampar i debutsesongen sin.

Sander kom til Sogndal då han byrja på vidaregåande. Guten frå Sandane har hatt ei formidabel utvikling, og er i dag ein viktig brikke i midtforsvaret vårt.
Sander kom til Sogndal då han byrja på vidaregåande. Guten frå Sandane har hatt ei formidabel utvikling, og er i dag ein viktig brikke i midtforsvaret vårt.

Stor stas

Sportssjef Terje Skjeldestad seier denne signeringa er strategisk viktig for Sogndal Fotball, og ser på Sander som det perfekte eksempelet på klubben sin identitet og strategi.

– Me synest det er voldsomt stas at ein av dei mest ettertrakta spelarane i Noreg vel å knytte seg til oss over endå lenger tid. Det fortel oss at han og apparatet rundt ham har tillit til den langsiktige strategien vår. Me skal utvikle unge, lokale talent, seier Skjeldestad.

Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk, har jobba med denne forlenginga over tid.

– Denne kontraktsforlenginga er eit resultat av at me alle deler dei same tankane rundt utvikling, framtid og rolle i laget for Sander. I prosessar med kontraktsforlengingar er me avhengige av å ha god dialog med både familie og rådgivarar, som Nordic Scouting i dette tilfellet, for å lukkast, seier Flo.

Skjeldestad dreg parallellar til tidlegare profilar som har teke steget frå Fosshaugane til den store verda.

– Sander går no i same løp som for eksempel Even Hovland og Sivert Mannsverk har gjort før han. Sander er ei stor inspirasjonskjelde for alle dei unge talenta i distriktet og viser kva som er mogleg med ærleg og hardt arbeid kvar einaste dag, seier Skjeldestad.

Rask utvikling

I fjor vinter vart Sander ein del av treningsgruppa til A-laget. I slutten av april i fjor signerte han si første proffkontrakt. Så tok han både Sogndal og OBOS-ligaen med storm.

I byrjinga av juni fekk han også debuten på U18-landslaget, og i august takka han for tilliten ved å forlenge kontrakta si til 2028. Ei kontrakt som no er forlenga ytterlegare eit år.

Sander Granheim fekk pris som månadens unge spelar i mai
Sander Granheim fekk pris som månadens unge spelar i mai

– Sander vart fort ein veldig stabil spelar på laget vårt. Han presterte på eit godt nivå, og handterte den merksemda han fekk med audmjukskap og med fokus på jobben han skal gjera kvar dag, seier hovudtrenar Luis Pimenta, og legg til:

– Så likar me godt at han er meir og meir open i dei individuelle samtalane med konkrete meiningar og observasjonar på kva han kan forbetra. For eksempel ser me at han har teke gode steg på kommunikasjon på bana. Han er fokusert på neste steg heile vegen, så det lovar godt, seier han.

Tilbake

Etter ein liten skadeperiode i vinter, er Sander no på god veg tilbake på bana. Mot Åsane søndag vart det 65 minutter på 18-åringen. No er han svolten på seriestart.

– Eg meiner me har sett bra ut i vinter, og me har gode moglegheiter for å gjera det bra i år, seier midtstopparen.

Andre påskedag er det serieopning borte mot Odd kl. 14:30.  

Læreguten og læremeisteren: Sander (18) og Even (37).
Læreguten og læremeisteren: Sander (18) og Even (37).

 

Annonse fra Obos-ligaen: