
Sander Granheim forlengjer kontrakten!
Den unge landslagsspelaren takkar for tilliten med ein forlenga kontrakt i Sogndal! A-laget
Sogndal Fotball og Sander Aske Granheim, f. 15. august 2007, er samde om ein avtale som strekkjer seg ut 2028-sesongen!
Sander har me allereie blitt godt kjend med etter at han signerte sin fyrste proffkontrakt i slutten av april. Den dåverande 17-åringen fekk debuten sin frå start i 1. serierunde, og har starta samtlege kampar i OBOS-ligaen. På imponerande vis har han tatt nivået og blitt ei viktig brikke i Luis Pimenta sitt mannskap. Dei gode prestasjonane gjorde at han vart tatt ut til G18-landslaget, og i byrjinga av juni fekk han sine tre fyrste kampar med flagget på brystet. Før ferien fekk han også prisen som månadens unge spelar i OBOS-ligaen for mai, og det synlege beviset på mange gode prestasjonar over tid.
- Det har fyrst og fremst vore veldig kjekt å få tillit og å spele mange kampar, sa hovudpersonen bekjedent etter signeringa.

Hovudtrenar Luis Pimenta byrja si tid som Sogndaltrenar i vinter, og allereie då kom Sander inn i treningsgruppa. Det siste halvåret har utviklinga skutt i været, og sjølv ein erfaren mann som Pimenta har sjeldan sett ei så rask utvikling:
- Utviklinga til Sander har vore utruleg bra. Dei siste åra har eg jobba med dei aller beste talenta i Norge, og Sander har utvikla enormt raskt. Han har utvikla seg mentalt og blitt ein moden spelar. Han beheld roen i tøffe kampar, er flink til å gjere dei tinga me førebur oss på og har vist ein eksepsjonell modenheit over tid. Eg er også veldig imponert over det fysiske, noko han har handtert veldig bra. Han er god i duellspelet, har fart for å beskytte bakrom og er god 1 mot 1. Han bidreg med god fysikk til gruppa, og har imponert meg både fysisk og mentalt.
Pimenta rosar også talentarbeidet i klubben for grunnlaget Sander har fått:
- Det har blitt gjort ein god jobb av klubben gjennom mange år med det taktiske og tekniske. Han gjer kloke og gode val i spelet sitt, men også ydmyke val. I staden for å slå ein vanskeleg pasning for å vise fram ferdigheitene, slår han ein trygg og god pasning, og gjer det som er forventa av han som midtstoppar. Han har prestert på eit høgt nivå gjennom heile sesongen, og me ønskjer å belønne jobben han har lagt ned med ein ny kontrakt. Det har vore vår beste signering så langt. Han kom frå akademiet i klubben, fekk sjansen gradvis i vinter og er framleis like ydmyk og gjer jobben som krevst. Alt anna blir ein naturleg konsekvens av utviklinga, og han har vunne enormt mykje respekt i gruppa dei siste månadane, fortel han.
Sander skreiv proffkontrakt med Sogndal Fotball i april i år, og det er under 4 månadar sidan den fyrste avtalen var signert. Då hadde sandensaren forplikta seg til ei avtale ut 2027-sesongen, men på 18-årsdagen forlengjer han altså med endå eit år.
- Eg trivst veldig godt i Sogndal. Det er ei bra spelargruppe og eit bra trenarteam, og eg likar meg veldig bra her. Det kjennest trygt og godt å halde fram utviklinga mi i klubben. Å forlenge avtalen gir meg ein tryggheit om at eg kan halde fram å utvikle meg i ro og fred, utan å tenke på noko anna enn fotballen.
Ansvarleg for spelarlogistikken, Håvard Flo, fortel at signeringa er i tråd med retninga klubben har satt:
- At me no lagar ein ny avtale med Sander, er utruleg gledeleg, og har vore intensjonen etter at han signerte si fyrste proffkontrakt for 4 månadar sidan. Me såg Sander si raske utvikling allereie i vinter, og gjennom dialog med representantane til Sander vart me einige om å vurdere ein ny avtale dersom den fine utviklinga fortsatte. All honnør til alle som har vore involvert i denne prosessen, og måten me tenkjer saman for å lage ein stabil, trygg og god utviklingsarena for talent som Sander. Resultatet av denne gjennomføringa er i tråd med Sogndal sin policy der me har fokus på individet sin utvikling og å sikre verdiane til klubben for framtida.

Sander har også vorte landslagsspelar det siste halvåret, noko som gjer at han vil få endå ein arena å utvikle seg på. Den internasjonale fotballen utfordrar spelarane på ein heilt annan måte, og ein får møte dei beste spelarane frå andre nasjonar i Europa. Pimenta er nøgd med at Sander får spele på denne arenaen:
- Eg er veldig glad for at han er på landslaget. Der får han mykje erfaring i møte med andre kulturar og spelestilar frå dei ulike nasjonane. Kvar kamp er annleis, noko som krev at ein nullstiller og førebur seg til eit nytt kampbilete og nye utfordringar. Han møter også dei beste på treningsfeltet og får teste seg mot dei beste talenta i landet på trening.
Sander sjølv fortel at det er høgt nivå, men at det er endå tøffare fysisk på seniornivå i OBOS-ligaen. Å spele med flagget på brystet var ei stor oppleving:
- Det var stort å spele med flagget på brystet og å få teste seg mot andre nasjonar. No er det ny samling i september, og det gler eg meg til. Det var veldig lærerikt å få teste seg internasjonalt, og nivået var veldig bra. Samtidig er det nok endå meir fysisk tøft i OBOS-ligaen, fortel han.
Me er veldig glade for at Sander har signert ei ny avtale, og gler oss til å sjå mykje av han dei kommande sesongane! Neste sjanse til å sjå han på bana er allereie på måndag i bortekampen mot Stabæk! Sjåast me på Nadderud?
STAO NO PAO!