Sandnes Ulf - Sogndal

Østerhus Arena, Avspark klokka 15:30

Karane har reist sør-vest i landet til den gamle sykkelbyen Sandnes. Klokka 15:30 i dag skal me spela på ein splitter ny og flott fotballstadion! Me er klare for Sandnes Ulf – Sogndal!

For ein av karane blir dagens kamp veldig spesiell! Axel Kryger har alltid vore ein Ulf-gut, og dette er første gong han skal spela mot gamleklubben.



I dag er det full rulle i OBOS-ligaen

Slik går kampane i OBOS-ligaen i dag
Slik går kampane i OBOS-ligaen i dag

No er me heilt i sluttdasen av sesongen, me er allereie framme ved runde 27! OBOS-ligaen har levert i år igjen! Me har ein tabell der alle dagens kampar betyr noko for laga som er involvert!

Det var ein motivert og fokusert gjeng med bartefine karar som reiste tidleg i går! Me er klare og karane gler seg til kamp!



Blårud, Kupen og Kristoffersen gler seg til kamp!

Sandnes Ulf har flytta nokre meter i år. Splitter nye Østerhus Arena ligg eit lite steinkast frå gamle Sandnes Stadion. I fjor gjekk haustkampen vår der på ei humpete grasbane med lysmastar der berre nokre få lampar lyste. Det blir derfor mange hakk opp i år. Me gler oss veldig til å sjå det flotte anlegget!

Me skal møta eit heimelag som ikkje heilt har levert slik som forventa i år. Det spesielle er at dei både kan spela i Eliteserien eller i Post Nord-ligaen neste år om alt går veldig bra eller veldig dårleg! 

Det er ikkje nokon lett kamp me skal ut i i dag. Heimelaget har ikkje vunne på lenge og står med tre tap og tre uavgjort på dei seks siste. Med to kvalikplassar innan rekkjevidde, ein dei vil unngå, og ein dei veldig gjerne vil ha, blir det beintøffe tak utpå der i dag.



Trenar Eirik Bakke gler seg til kampen på nye Østerhus Arena

Me fekk ein opptur sist. Karane spelte god fotball og vann 3-0! I dag tek me på oss arbeidshanskane på ny og går ut i hundre for å ta med oss tre poeng heimatt. Med full innsats skal me gjera det me kan for å reisa heim med gode smil rundt munnen!

Me gler oss til kamp!!

27. runde i OBOS-ligaen 2020
Sandnes Ulf – Sogndal
Østerhus Arena
Avspark klokka 15:00

Stao no pao!!
 

Annonse fra Obos-ligaen: