Seriestart!

Endeleg skal me kjempa om poeng!

Ei sesongoppkøyring av den aller lengste sorten er endeleg ved vegs ende. I dag er dagen me alle har venta på! Me skal ta på oss den finaste drakta i heile OBOS-ligaen, og anført av kaptein Sivert Mannsverk skal karane sleppa seg laus og kjempa om poeng!

Årets første motstandar er våren vener i Bergen, Åsane. Kampstart er klokka 18:00 på Myrdal Stadion.

Slik ser du kampen
I år er det dplay som gjeld. Dei skal visa alle kampane, og legg opp til eit større og betre opplegg rundt OBOS-ligaen enn nokon gong. For 159,- i månaden får du tilgang på alle kampane i OBOS-ligaen, Eliteserien, Eurosport og alle dei andre kanalane. Ta ein titt her

På dplay: Åsane- Sogndal

Kaptein Sivert Mannsverk og trenar Eirik Bakke på La Manga i vinter (Foto: Rune Sjøberg)
Kaptein Sivert Mannsverk og trenar Eirik Bakke på La Manga i vinter (Foto: Rune Sjøberg)


Lang sesongoppkøyring
Sidan oppstarten i januar har "Nye Sogndal" førebudd seg til seriestart. Optimismen rundt Eirik Bakke sitt mannskap var voksande etter ein strålande treningsleir i La Manga, der me spelte uavgjort mot danske Silkeborg og slo Tromsø.

Ein rakk ein tur til Estland, der me var det beste laget i 2-2 kampen mot landets beste lag, Flora Tallin, og me var hakket kvassare enn Mjøndalen i ein kamp som enda uavgjort rett før avreise ny treningsleir i Spania.

Badou var god mot Mjøndalen i mars (Foto: Rune Sjøberg)
Badou var god mot Mjøndalen i mars (Foto: Rune Sjøberg)


Det var ikkje mange treningane karane fekk på strøkent gras i Marbella, før den pågåande Koronapnademien gjorde at verden bråstoppa. Karane våre kom seg heim etter ein kronglete rute om Lisboa, til karantene og seinare permittering.

Då me endeleg fekk starta oppatt med treningskampar, fekk me to Eliteserie-skalpar i beltet. Me slo Molde på Aker Stadion, og våre vener frå AaFK måtte reisa heim med halen mellom beina veka etter.

Andreas Hoven ga AaFK-forsvaret noko å tenka på (Foto: Rune Sjøberg)
Andreas Hoven ga AaFK-forsvaret noko å tenka på (Foto: Rune Sjøberg)

Mot HamKam på eit brennheitt Briskeby, fekk me ein aning av kva som kan venta oss i år: Me har mykje ball og motstandar ligg som gjedda i sivet og ventar på kontringssjansar. 1-1 vart det der, og veka etter i generalprøven mot Øygarden fekk me oss ein real på nasen med 1-3 på eige kunstgras. 

Kapteinane
I år har me heilt nytt kapteinsteam, og den som overtek bindet som lagkaptein etter Mathias Dyngeland er sjølvaste Sivert Heggheim Mannsverk. 18-åringen er spådd ein god karriere, og for å førebu han på det som ventar, har Eirik Bakke valt å gi Sivert litt ekstra ansvar i år.

Med seg i teamet har Sivert entusiastiske Igoh Ogbu og rutinerte Tomas Kristoffersen. Desse tre vil utfylla kvarandre på ein flott måte.

Kjekke karar på veg til serieopninga: Tomas, Sivert og Igoh (Foto: Instagramsjef Eivind Helgesen)
Kjekke karar på veg til serieopninga: Tomas, Sivert og Igoh (Foto: Instagramsjef Eivind Helgesen)


Les også om kapteinsvalet i Sogn Avis

Årets tropp
Me gler oss til at publikum skal få bli kjent med dei nye i gruppa! Først foran TV, men me håpar jo at det skal opnast for meir publikum på kampane etterkvart om myndigheitene ser det smittevernsmessig forsvarleg.

I årets tropp har me mange unge, svoltne gutar. Det vil nok vera kampar der me ikkje vil vera nøgde, men toppnivået er høgt, og denne gjengen jobbar knallhardt i lag med eit dedikert trenarteam. Me trur me vil få mange kjekke stunder i lag med denne gjengen i år.

Siste mann inn i troppen, kjem inn for tredje gong på litt over eitt år. Me er veldig glade for at Martin Ove Roseth no er hos oss på permanent basis, og Voldaguten gler seg til seriestart!




Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: