Seriestart for Sogndal 2

Endeleg er Norsk Tipping-ligaen i gang!

No er det endeleg duka for seriespel for Sogndal 2 óg! 

Ikkje sidan oktober i 2019 har andrelaget fått kjempa om poeng. Men no er det duka for sesongstart, og i dag klokka 16:00 brakar det laust i Sognahallen med seriekamp mot Lysekloster!



Me har snakka med ein spent og glad trenar før seriestart. Patrik Karoliussen gler seg til å ta fatt!

Her er sida til Norsk Tipping-ligaen avd. 4 på fotball.no Her kan ein finna tabell, komande kampar og terminliste.

Tolmodig har spelarane og trenarane venta på seriestart. Førre fredag kunne Patrik og Nils Tore ta med seg resten av gjengen på lagbyggingstur til vakre Veitastrond, for treningsøkt, sosialt og grilling.


Det er ein del utskifting i støtteapparatet sidan sist.
Nils Tore Krosshaug og Patrik Karoliussen har trenaransvaret. Med seg har dei Lars Grønningsæter som keepertrenar, og i sommar er Siri Nesheim med som fysisk trenar. Knut Ripe er óg inne på den fysiske biten, og Tommy Øren er inne som spelarutviklar. Pål Sletten og Morten Røstadbotn er materialforvaltarar.

Sil2 på Voss.jpg
Denne fine, unge gjengen spelte treningskamp mot Bjarg på Voss

Det er ein veldig ung gjeng som skal spela for Sogndal 2 i år. Eldstemann er Mikkel Erlandsen. Han er óg årets kaptein, og den einaste som er att fra gjengen som vann NM og spelte i Europa med G19-laget. Årets gruppe er spelarar i årskulla 2002 til 2006. 

1. runde i Norsk Tipping-ligaen avd. 4 2021
Sogndal 2- Lysekloster
Sognahallen
Avspark i dag klokka 16:00

Det er gratis inngang. Kampen blir óg streama på Sogn Avis



Som kaptein, må ein óg ta ansvar for media, og som litt mediatrening fekk Mikkel i oppdrag å intervjua Siri på Veitastrond. Det klarte den unge sogndølen med glans!

Me gler oss til seriestart!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: