Billettar til seriopninga

Her får du kjøpt billett til opningskampen mot Raufoss!

Ei lang sesongoppkøyring er over! No er me klare til å kjempa om poeng. Det er seriestart i OBOS-ligaen 2022!

SF22_kampannonse980x300_raufoss-.jpg

Her får du kjøpt billett til opningskampen

Me startar årets sesong mot dei gulsvarte frå Toten. Det har vore mange tøffe duellar mot Raufos dei siste åra, og det er eit lag ein bør sjå opp for i år. Strømsgodset gjekk sigrande ut av cupkampen mot dei etter ein dramatisk straffesparkkonkurranse i år, og dei slo nyleg sjølvaste Rosenborg 3-0 i treningskamp.

Årets OBOS-liga blir beintøff for alle lag. Aldri før har denne ligaen hatt så mange store og gode lag, og det blir eit rotterace frå første serieomgang!

Me må vera med frå start - og på vegen vil me ha med vår tolvte mann. Heime på Fosshaugane treng me støtta frå publikum - så kom på kamp og støtt karane!

1. serierunde 2022 - OBOS-ligaen
Sogndal - Raufoss
Fosshaugane Campus
Måndag 4. april klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: