Seriestart!

Sogndal - Raufoss, Fosshaugane, avspark klokka 18:00

Kampdag!

Endeleg er dagen her! I dag startar sesongen for alvor for oss når OBOS-ligaen 2022 sparkast i gang klokka 18:00 på Fosshaugane!

Det har vore ein lang, men fin, forsesong - der me har blitt kjente med nye spelarar og trenarar. No er me klare til å trøkka skikkeleg til!

MÅLKLUBBEN 2022

I år kan du melda deg inn i Sogndal sin målklubb og bidra med ein valfri sum pr. mål som skårast av karadn i OBOS-ligaen 2022. Ved å bidra er du med i trekninga av fine premier kvar runde – og ein større sesongpremie som blir annonsert better kvart!

Gå inn her

Ein av dei nye, er ein me kjente veldig godt frå før. Me er glade for det Tore André Flo har gjort so langt, og me gler oss skikkeleg til seriestart.


OBOS-ligaen starta opp laurdag med lokaloppgjeret mellom Sandnes Ulf og Bryne. Dei lyseblå trakk det lengste stået og vann 2-1. Med det har Bjarne Berntsen og kompani fått ein god start. 
Den vakre bygda vår fekk eit gjensyn med snøen i natt, men bana på Fosshaugane ligg grøn og fin og er klar til kamp!

I går møttest KFUM og Grorud til Oslo-duell på Ekeberg, det oppgjeret enda uavgjort 2-2. I Ranheimsfjæra fekk heimelaget verkeleg stussa bartane då Brann kom på besøk. Dei raudkledde stoppa ikkje før det stod 0-4 på måltavla.



I dag får me besøk av Raufoss! Gjengen frå Toten har sjølvtillit og blir ei tøff oppgåve. Dei var nær ved å slå ut Strømsgodset av cupen, og dei slo nyleg Rosenborg 3-0 i treningskamp.

Våre karar var skuffa etter generalprøven mot Brann, og det er ein gjeng som har tenkt å visa seg fram i dag. Det var veldig god stemning, bra trøkk og temperatur under treninga i går. Me gler oss veldig til å starta seriespelet no!

I dag har me desse kampane:
Skeid - Stabæk kl. 17:30
Fredrikstad - Stjørdals-Blink kl. 18:00
Mjøndalen - Kongsvinger kl. 18:00
Sogndal - Raufoss kl. 18:00
Åsane - Start kl. 18:00

Kjøp din kampbillett her
Her kan du kjøpa sesongkort

Følg oss på sosiale medier
Facebook
Instagram
Snapchat: sogndalfotball
Twitter

Kom på kamp og støtt karane!

1. runde - OBOS-ligaen 2022

Sogndal - Raufoss
Fosshaugane
Avspark klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: