Sesongguide: Sogndal 2 i Kretsligaen!

Her er alt du treng å vita om Sogndal 2 og Kretsligaen før seriestarten i april!

Sogndal 2 skal i 2024 spele i Kretsligaen, og i denne saka har me samla alt du treng å vita før seriestart! Les deg opp på Kretsligaen, terminlista, trenarteamet og troppen for den komande sesongen!

Kretsligaen er den øvste divisjonen i Sogn og Fjordane fotballkrins, og nivå 5 i Norge. Dei 12 laga som skal kjempa om poenga i år er: Dale, Eid, Fjøra, Førde 2, Høyang, Jølster, Måløy, Sandane, Sogndal 2, Stryn, Studentspretten og Vik. I fjor var det Årdal som stakk av med opprykket etter ein intens duell med Fjøra heilt til siste serierunde. Fjøra blir ein sterk konkurrent også i år, og me håpar på den same spenninga i årets sesong. 

Kretsligaen 2024.jpg

Dale IL
Dale blir trena av Kim Tangedal, og spelar heimekampane sine på Dingemoen Idrettspark. Laget rykka opp frå 5. divisjon i fjor, og har henta inn nokre forsterkingar før årets sesong. Oppkøyringa har inneheldt både stortap og sterke sigrar som feks 3-2 mot Florø.

Jølster
Jølster blir trena av Leander Sunde, og spelar heimekampane sine i Skeihallen og på Skei stadion. Oppkøyringa har sett bra ut, og laget har scora i alle treningskampane i år. 1-1 mot Årdal og 4-1 over Måløy skiljer seg ut som gode resultat. Jølster er gode på heimebane, og Sigmund Høyvik sine offensive bidrag blir viktige.

Sandane
Sandane blir trena av Simon Andre Gimmestad, og spelar heimekampane sine i Sandane Idrettspark. Frå førre sesong har dei mista kaptein Robert Vik og Mads Wie. Hallvard Bjotveit blir ein viktig spelar i kampen om fornya kontrakt i ligaen.

Fjøra FK
Fjøra blir trena av Knut Almås, og spelar heimekampane sine på Fosshaugane Campus. Dei gjekk ubesigra gjennom førre sesong, men opprykket rauk på målforkjell til Årdal. Malvin Gjerde scora 46 mål på 26 kampar i 2023 og blir viktig i jakta på opprykk.

Malvin Gjerde mot Årdal.jpg
Malvin Gjerde scora for Fjøra mot Årdal

Måløy

Måløy blir trena av Magne Elde, og spelar heimekampane sine på Skavøypoll stadion. Førre sesong enda med ein 6. plass i Kretsligaen, og årets sesong byr på ein del nytt. Ein ny generasjon er på veg opp, og Måløy blir av fleire tippa rundt midten av tabellen.

Førde 2

Førde 2 blir trena av Benny Rivedal, og spelar kampane sine i Hafstadparken. Laget har hatt ei ganske god oppkjøring til tross for utfordrande treningsforhold i vinter. Mange av spelarane som vil bli nytta på dette laget i år også var med A-laget på treningsleir til Spania i mars. Førde 2 er eit ungt lag, der spelarutvikling er i fokus, og det blir rapportert om mange spennande talent.

Studentspretten

Studentspretten blir trena av Torstein Bakketun Kyte, Sander Urdal og Adrian Søvold. Dei spelar heimekampane sine på Kvåle stadion. Oppkøyringa har vore grei mot variert motstand. Studentspretten har eit bra kollektiv, og om Emil Engelsen finn scoringsformen bør dei kunne sanke nok poeng i Kretsligaen 2024.

Vik IL
Vik blir trena av Noralv Pedersen, og spelar heimekampane sine på Vik stadion. Førre sesong sikra dei plassen etter siger mot Hafslo/Bjørn/Fanaråk i kvalifiseringa. Vik har eit spennande lag på gang, med mykje ungt. Det er fleire lovande årgangar på veg inn i laget, blant anna fjorårets G17-lag som blei krinsmeistrar. Dei unge skal saman med ei stamme av vaksne spelarar prøve å bite frå seg i ein tøff serie. Den siste delen av oppkøyringa har dei hatt ein del skadar på sentrale spelarar.

Vik IL.jpg
Vik skal kjempe for fornya kontrakt i Kretsligaen i år

Eid

Eid blir trena av Dan Jøran Hafsås, og spelar heimekampane sine på Eid stadion. Førre sesong enda dei på ein trygg 3. plass bak suverene Årdal og Fjøra. I oppkøyringa til årets sesong har dei levert gode resultat, og serieopninga heime mot Fjøra kan bli ein tett duell. Eid forventast å hamne høgt på tabellen også i år.

Høyang

Høyang blir trena av Marius Varden Fossen, og spelar heimekampane sine på Sletta. Førre sesong enda med 5. plass i Kretsligaen, og dei hadde berre to poeng opp til Stryn på 4. plass. Joakim Sjøthun Måren scorar 0,58 mål i snitt for Høyang i Kretsligaen og blir viktig denne sesongen. Høyang serieopnar på heimebane mot Sogndal 2.

Stryn

Stryn blir trena av Jon-Terje Tjellaug, og spelar heimekampane sine på Stryn stadion. Førre sesong enda med 4. plass og 35 poeng. Stryn har eit ungt lag, men rutinerte Vegard Sætren Hopland blir viktig. Han står med eit imponerande målsnitt på 0,94 per kamp for Stryn i Kretsligaen. Kan bli ein tyngre sesong enn fjoråret, men Stryn skal vera med å kjempe på øvre halvdel.

Oversikt over Kretsligaen 2024 og alle laga finn du her!

Vegard Hopland og Håvard Kroken.jpg
Vegard Sætren Hopland og Håvard Kroken for Stryn

Laurdag 13. april sparkast Kretsligaen 2024 i gang. Dei tre fyrste kampane av årets sesong har avspark klokka 14:00, medan Eid - Fjøra er i gang klokka 15:00. Sandane - Førde 2 spelast søndag 14. april klokka 14:00, medan våre gutar serieopnar borte mot Høyang tysdag 16. april klokka 18:30.

Laurdag 18. mai er det duka for storkamp mellom Fjøra og Sogndal 2 på Fosshaugane Campus. Kampen har avspark klokka 15:00, og me håpar på ein god kamp dagen etter nasjonaldagen.

Den siste serierunden i Kretsligaen 2024 har også potensiale for drama. Då er det igjen storkamp mellom Sogndal 2 og Fjøra i det som kan bli ein ny opprykksfinale på Fosshaugadn. Laurdag 19. oktober klokka 14:00 er foreløpig datoen som er satt for sesongens siste kamp.

Heile terminlista finn du her!

Nils Tore Krosshaug er teken inn i teamet rundt A-laget og Martin Natvig har vorte hovudtrenar for Sogndal FK Damer. Det betyr nytt trenarteam for Sogndal 2, og det er Patrik Karoliussen som er hovudtrenar i 2024. Han har blant anna vore toppspelarutviklar i klubben tidlegare, og gler seg til å ta fatt på nye oppgåver. Under kan du sjå intervju med Patrik som vart gjort når det var klart at han overtek ansvaret for Sogndal 2:


Saman med Karoliussen er det Kjetil Sønnesyn og Endre Kupen som er assistenttrenarar. Endre Kupen la fotballskoa på hylla etter 2023-sesongen, og held fram i fotballen som trenar. I tillegg til desse er det også fleire viktige ressursar rundt laget. Slik blir trenarteamet og støtteapparatet for Sogndal 2:

  • Hovudtrenar: Patrik Karoliussen
  • Assistenttrenar: Kjetil Sønnesyn
  • Assistenttrenar: Endre Kupen
  • Keepertrenar: Even Humlebrekke Nebb
  • Fysioterapeut: Kasper Lie
  • Fysisk trenar: Tor-Magnus Blakstad Cappelen
  • Materialforvaltar: Morten Rørstadbotten
  • Analyse: Morten Olsen
B67I4073.jpg
Patrik Karoliussen er hovudtrenar for Sogndal 2

Troppen Patrik Karoliussen har med seg består av mange unge spelarar. Her er det mykje lokale talent som både har fått minutt i OBOS-ligaen og speletid i treningskampane til A-laget før sesongen. Mange av spelarane har også med seg verdifulle erfaringar frå ein tøff sesong i 3. divisjon, og no er dei klare for å jakta opprykk i Kretsligaen. Full oversikt over troppen ser du her:

Keeper:

  • Martin Opheim Østli

Forsvar:

  • Sander Sjøthun Heggestad
  • Johannes Konstali-Lødemel
  • Noah Heggestad
  • Markus Lazaro Mannsverk Bringas
  • Emil Hillestad
  • Sander Aske Granheim
  • Marius Konstali-Lødemel
  • Gudmund Andresen

Forsvaret består av fleire sentrale spelarar i troppen. Johannes Konstanli-Lødemel er på B-lista og har vore mykje involvert rundt A-laget. I oktober 2023 kom debuten i OBOS-ligaen, og i 2024 har han fått mykje speletid i oppkøyringa. I tillegg har mange av desse fått gode erfaringar både i trening og kamp med Tore André og gjengen før seriestart.

B67I3998.jpg
Johannes Konstanli-Lødemel er klar for Kretsligaen 2024

Midtbane:

  • Ola Lerheim Olsen
  • Marius Årøy
  • Linus Heggestad
  • Kristian Kongelf
  • Andreas Kalstad
  • Mathias Krogh Ravnestad
  • Elias Flo
  • Havila Bonabandi
  • Elling Ingeson Kvåle

Midtbana består av fleire spennande namn. Marius Årøy, Andreas Kalstad og Kristian Kongelf er alle på B-lista og har fått prøva seg på A-laget. Både Årøy og Kalstad har debutert i OBOS-ligaen, medan Kongelf har vore sentral på kanten til A-laget i oppkøyringa. Unge Mathias Krogh Ravnestad (f. 2007) har også fått minuttar i treningskampane, og kan ta store steg i 2024. Havila Bonabandi (f. 2006) var ein del av troppen som reiste til Spania på treningsleir. Der gjorde han sakene sine godt, og viste at han kan bli ein viktig spelar denne sesongen.

Angrep:

  • Viljar Stavø
  • Andreas Haugen Duesund
  • Kristian Stenhaug
  • Khadar Ibrahim

Også angrepet har mykje spennande. Viljar Stavø har bøtta inn mål for både Sogndal 2 og NG19. I vinter kom debuten for A-laget og mot Raufoss fekk han også sitt fyrste mål. I Kretsligaen 2024 jaktar han nye scoringar saman med resten av angrepet.

B67I4643.jpg
Viljar Stavø fekk si fyrste scoring for A-laget mot Raufoss

Heile troppen finn du også under lag her på heimesida.

Me har fleire flinke aktørar som følgjer lokalfotballen i fylket. Stig Høynes med haugenfotball.no er fotograf på mange kampar gjennom sesongen og legg ut bilete på heimesida si. Følg han gjerne på Facebook for å halda deg oppdatert på lokalfotballen. Siri Andresen med Lurifax Support er ofte til stades på breiddekampar i fylket. Ho filmar scoringar og skriv kampreferat som blir lagt ut på YouTube og Facebook. Kent Fimreite følgjer også fotballen i fylket og bidreg med fotballstudio og intervju på mange kampar i løpet av ein sesong. Hallo Sogn streaming og videotenester finn du på Facebook og YouTube.

Om du ønskjer å lesa nyheiter om Sogndal 2 kan du gå til nyheitssida vår og velje emneknaggen "Sogndal 2". Her finn du alt me skriv om laget fram til, og gjennom sesongen. Me ønskjer Patrik og gjengen lukke til med sesongen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: