Sesongoppkøyringa er i gang

Karane har gjennomført årets første trening

Klokka 13:30 i dag møttest karane og trenarteamet til årets første treningsøkt. 

Trenar Tore André Flo sa han var veldig glad for å sjå alle saman etter ferien, og det var god stemning i Sognahallen i økta etterpå som strakk seg over ein time.


I morgon skal karane ha to økter. Den første økta går i Sognahallen med oppstart klokka 10:00. Deretter blir det mat og kvile, før ein på ny inntek hallen klokka 15:00 med styrketrening (Campus Challenge)

På fredag er det treningsstart klokka 10, om ettermiddagen reiser klubben på den årlege oppstartsturen til Gol der det blir teambuilding og sosialt samkvem fram til søndag.

Her er nokre bilete frå dagens økt

Årets første treningskamp går av stabelen i Sognahallen 21/1 klokka 16:00 - då er Florø motstandar. Me kjem tilbake med oppdatert oversikt over treningskampane fram mot seriestart.

 

Annonse fra Obos-ligaen: