Sesongstart

Klarer me å fylle opp Fosshaugane på søndag?

Søndag 5/4 skulle Obos-ligaen ha starta opp med heimekamp her på Fosshaugane Campus.

Dessverre blir denne kampen utsatt pga. koronaviruset som herjar i landet og i verda vår i denne tida. 

Me håpar likevel at alle med hjerte for klubben vår kan tenke seg å bli med å fylle opp tribuna til helga. Vår publikumsrekord er tilbake til 1976 der me møtte Start i kvartfinalen og hadde heile 7025 tilskodarar på Haugadn.

Det skal noko til å slå den rekorden, men på bildet ser de 3 karar med kvart sitt draktnummer. Stefan nr. 4, Kristoffer nr. 18 og Thomas nr. 8. Det blir 4188, og med eit lite bidrag kvar, klarer me kanskje å bli so mange på søndag.

Kvar 50,- vil gjelde som billett, men det er sjølsagt valfritt å velge kva sum de vil vippse.

Me utfordrar og næringslivet vårt til å kjøpe billettar til søndag.

Dei som vil kan gjerne legge eit bilde av seg i kommentarfeltet på Facebook med supportarutstyr på, om du er privatperson eller firma.

Billettar kan kjøpast med VIPPS til 192600.

Antall tilskodarar vil bli opplyst Facebook på søndag kl.18.00

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: