Siger i siste sekund mot Real Murcia!

Den fyrste kampen i Spania enda med 2-1 siger!

Kampen mot Real Murcia enda med 2-1 siger etter scoring av Kristian Kongelf og Martin André Sjølstad.

Kristian Kongelf scora tidleg i fyrsteomgang og sørga for at me tok leiinga. Høgt press gjorde at Kongelf klarte å bryta ein pasning frå Real Murcia-forsvaret. Med ball var han effektiv og satte ballen i mål via keeper. 1-0 var også stillinga til pause. Jacob Blixt Flaten måtte diverre av bana i 1. omgang og vart sendt til sjukehuset for sjekk. Me kjem tilbake med meir info.

image00001.jpeg
Foto: Martin Salbu

I pausen gjorde me nokre bytte. Isaac Twum, Mathias Øren og Edmund Baidoo erstatta Martin Høyland, Daniel Arrocha og Kristian Kongelf. Utover omgangen fekk me fleire store sjansar som burde resultert i scoring. I staden fekk Real Murcia ei kontring som dei omsatte til 1-1.

I kampens siste sekund spelte me oss fri på venstresida. Martin André Sjølstad kombinerte seg gjennom med Baidoo og deretter Steinset før han fekk krangla ballen i mål. Rett etter blas dommaren i fløyta for siste gong, og kampen var over.

IMG_0896 a.JPG
Foto: Martin Salbu

Det enda altså med 2-1 siger i den fyrste kampen i Spania. Det vart diverre litt tekniske problem for direktesendinga via Sogn Avis, men me fekk til ei nødløysing på YouTube og seinare Facebook. Meir info om direktesending av neste kamp kjem seinare.

Måla frå kampen kan du sjå her:

Me takkar Real Murcia og dommarane for kampen!

STAO NO PAO!

IMG_0612 a.JPG
Foto: Martin Salbu

 

Annonse fra Obos-ligaen: