Siger mot Aalesund!

Bakke sine menn leverte ein ny, god kamp mot Eliteserie-motstand i dag

Det vart 1-0 og siger mot Eliteserie-klubben AaFK i dagens treningskamp på Fosshaugane Campus.

Grunna koronapandemien gjekk kampen på ein heilt folketom stadion, men den vart streama på Sogn Avis og du kan sjå den i opptak her

Les om kampen i Sogn Avis

Som mot Molde, såg me i dag ein gjeng med unge og svoltne gutar som ville mest, orka mest, og spelte best.

Det var difor fullt fortent at Andreas Hoven kunne skåra 1-0-målet i 1. omgang. Me kunne skåra nokre fleire mål óg, og bakover var det igrunnen potte tett.

Dette ser veldig bra ut med tanke på sesongen som snart sparkast i gong. Treningskamp er no ein gong treningskamp, men det er ein vilje og svolt i dette unge mannskapet som gjer årets utgåve til noko veldig spennande.

I dag starta me med dette laget: 
Håvard Hetle, Axel Kryger, Igoh Ogbu, Eirik Lereng, Daniel Eid, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Tomas Totland, Badou, Akor, Andreas Hoven.

På benken har me desse kjekke karane, og alle fekk speletid:
Per Magnus Steiring, Sixten Jensen, Tobias Bjørnebye, Mathias Sundberg, Adrian Solberg, Eivind Helgesen og Kristoffer Hoven.

Neste helg har karane fri, men laurdag om to veker er det ny treningskamp. Den går på Briskeby i Hamar mot HamKam klokka 12.00.

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: