Siger mot Dale!

Sogndal 2 vann komfortabelt heime mot Dale

To mål frå både Joakim Nundal, Óskar Borgþórsson og Viljar Stavø gjorde at det enda 6-1 for Sogndal 2 heime mot Dale. Det stod 3-0 til pause, og i andreomgang auka heimelaget til 6-1. Ny siger sender dei tilbake til tabelltopp, men Fjøra er framleis like bak.

Dette var laget som starta dagens kamp:

Daniel Gjerde Sætren, Johannes Konstali-Lødemel, Emmanuel Olugbe, Noah Heggestad, Sander Heggestad, Óskar Borgþórsson, Marius Årøy, Isaac Twum, Havila Bonabandi, Joakim Nundal og Viljar Stavø.

Sogndal 2 Dale(1).png

Sogndal 2 byrja kampen best og dominerte banespelet. Fyrst når det var spelt 27 minutt kom leiarmålet. Viljar Stavø fekk ballen frå Isaac Twum og fann spissmakker Joakim Nundal. Sistnemnde vanda raskt om og banka ballen i mål. Eit flott mål vart feira med ein like flott baklengs salto.

Berre 5 minutt seinare var det Óskar Borgþórsson sin tur. Islendingen fekk ballen ute på høgrekanten og gjorde jobben sjølv. Etter å ha dribla seg forbi tre mann satte han ballen sikker ned i hjøra, og det stod 2-0 på tavla.

Etter 40 minutt spelt var det toppscorar Viljar Stavø som noterte seg for scoring. Flotte kombinasjonar mellom Sander Heggestad og Havila Bonabandi spelte opp Stavø på hjørna av 5 meteren. Der var han sikker og auka leiinga til 3-0. Det var også stillinga til pause.

Etter pause var det Sogndal 2 som scora fyrst. Innbyttar Andreas Kalstad sprang seg fri og kom seg heilt ned til dødlinja. Med godt overblikk og ein elegant lobb fann han Joakim Nundal framfor mål. Årdølen er sikker på hovudet og stanga inn dagens andre scoring.

Berre to minutt etter kom det ei redusering frå Dale. 10 minutt før slutt dukka Viljar Stavø opp på ny. Andreas Kalstad var på farten igjen og tok i mot ein crossar mot venstrekanten. Framfor mål venta Viljar Stavø, og han var like sikker som i fyrsteomgang.

Dagens siste scoring var det Óskar Borgþórsson som stod for. Eit flott veggspel med innbyttar Andreas Duesund satte Borgþórsson opp i god skuddposisjon. Høgreslegga til Óskar banka ballen forbi keeper, og det enda 6-1. Alle scoringane er samla her:


Neste kamp for Sogndal 2 er borte mot Sandane. Kampen spelast måndag 17. juni klokka 19:00, og kan sjåast på Direktesport! Kretsligaen leverar spenning i både topp og botn, og her er det mange kampar å få sett!

STAO NO PAO!

Asset 1 Asset 2
1
Sætren


2
S. Heggestad
Substituted out 45'
5
N. Heggestad
Substituted out 70'
30
Olugbe
3
Konstali-Lødemel


9
Borgthórsson
Goal 32'
Goal 81'
25
Twum
Substituted out 79'
8
Årøy
19
Bonabandi
Substituted out 61'


26
Nundal
Substituted out 69'
Goal 27'
Goal 64'
10
Stavø
Substituted out 89'
Goal 40'
Goal 79'
Innbytarar
17
Andresen
Substituted in 89'
7
Bringas
4
Granheim
Substituted in 70'
20
Heggestad
23
Kalstad
Substituted in 45'
22
Kvåle
Substituted in 61'
15
Olsen
Substituted in 79'
14
Ravnestad
16
Duesund
Substituted in 69'
Innbytarar
  • 17
    Andresen
    Substituted in 89'
  • 7
    Bringas
  • 4
    Granheim
    Substituted in 70'
  • 20
    Heggestad
  • 23
    Kalstad
    Substituted in 45'
  • 22
    Kvåle
    Substituted in 61'
  • 15
    Olsen
    Substituted in 79'
  • 14
    Ravnestad
  • 16
    Duesund
    Substituted in 69'

Annonse fra Obos-ligaen: