Siger mot Florø!

Det vart ei god treningsøkt når me slo Florø 3-0 onsdag kveld

Det vart ei god treningsøkt på Fosshaugadn i kveld. Sluttresultatet etter kampen mot Florø var 3-0, og målscorarane våre var Joakim Nundal, Mathias Øren og Kristoffer Haukås Steinset.

Me fekk ein pangstart på kampen når Joakim Nundal satte inn 1-0 allereie etter 2 minutt. Målet kom etter ein corner frå høgre som vart heada ned til Joakim. Han fekk difor ein enkel jobb med å sette inn kampens fyrste scoring.

Dagens andre scoring kom fyrst etter 78 minutt spelt. Mathias Øren tok ansvar og dribla seg fint framover i bana. Frå utsida av 16-meteren banka han til og ballen gjekk rett i krysset. Ei flott scoring frå Øren, Mathias der altså. Son av faren. 

Kampens siste scoring var det Florøguten Kristoffer Haukås Steinset som stod for. Målet om etter 85 minutt på ein god avslutning frå skrått hald. Det sikra ein komfortabel siger og ein fin dag på jobben for våre gutar.

Kampen kan du sjå i opptak her!

Neste treningskamp kjem allereie på laurdag mot Åsane. Kampstart er klokka 15:00. Det er gratis inngang og sal i kiosken! Velkommen!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: