Siger mot Hønefoss!

Me sikrar ein ny siger i oppkøyringa i dagens treningskamp mot Hønefoss!

Det vart ein tett og jamn kamp mot Hønefoss i Sognahallen i dag. Akkurat som mot Lysekloster stikk med av med sigeren 3-2, og oppkøyringa held fram på ein god måte.

Karadn byrja kampen bra og fekk satt eit solid press på Hønefoss. Etter ca. 10 minutt spelt kom den fyrste scoringa, og det var eit lite kunststykke av ei scoring. Mathias Øren la ballen inn mot bakerste stolpe. Óskar Borgþórsson la ballen inn igjen framføre mål, og Oliver Hintsa avslutta sikkert til 1-0! Eit angrep tatt rett ut av læreboka, og me leia fortent. Hønefoss utlikna til 1-1 nokre minutt seinare, og laga gjekk til pause med like mange mål.


I andreomgang var det duka for fleire fine scoringar, og Jacob Flaten fekk igjen vist fram venstrefoten sin. Mot Lysekloster serverte han Erik Flataker, men i dag var det Mathias Øren som var riktig adresse. Eit frispark frå godt utanfor 16-meteren vart løfta inn på 5 meter. Der hadde Mathias Øren sprunge seg fri og fekk pressa ballen akkurat langt nok opp i krysset til at keeper ikkje fekk handa på den. Tilbake i leiinga og 2-1.


Etter 60 minutt gjorde begge lag fleire byter, og Luis Pimenta bytta alle utanom keeper Daniel Sætren. Hønefoss si nyaste signering, og tidlegare Sogndalspelar Kristoffer Hoven var ein av innbyttarane. Etter bytta pressa bortelaget oss tilbake, og til slutt kom utlikninga til 2-2.

Til tross for målet i mot var ikkje våre unge lovande redde for å angripe, og det skulle løna seg. Mot slutten av kampen fekk me corner frå vår ventre side. Andreas Kalstad svinga ballen inn, ballen landa i beina på Noah Heggestad og skotet vart blokkert. Returen var det Joakim Nundal som fekk tak i, og banka ballen i mål til 3-2. Me tok leiinga for 3. gong i kampen, og denne gongen klarte ikkje bortelaget å utlikne før kampen var slutt. 


Joakim Nundal avgjorde kampen med sitt fyrste mål i 2025!
Joakim Nundal avgjorde kampen med sitt fyrste mål i 2025!

Totaltsett var det ei ny god gjennomkøyring for Luis Pimenta sine menn i dag. Sjukdom og diverse skadar gjorde at både Lars Jendal, Jamal Haruna, Per-Egil Flo, Martin Høyland, Kasper Skaanes, Kristoffer Steinset og Emmanuel Mensah var ute av troppen, men unggutta leverar gode prestasjonar. No ventar ei ny veke i Sognahallen før turen går til varmare strøk for årets treningsleir!

Me ønskjer også i dag å takke alle som tok turen til Sognahallen! Det er kjekt å sjå dykk på tribuna, og det betyr mykje å ha folk i ryggen sjølv i treningskampane!

STAO NO PAO!

Tusen takk til alle som kom til Sognahallen i dag!
Tusen takk til alle som kom til Sognahallen i dag!

 

Annonse fra Obos-ligaen: