
Siger mot KFUM!
Vidare i cupen etter straffedrama på Ekeberg etter at Renze redda den siste straffa
Me er vidare i cupen etter at me slo ut KFUM Oslo på den varme Ekebergsletta i kveld.
Kampen kan du sjå i opptak på Sogn Avis
Stillinga til pause var 0-0. Det var Sondre Ørjasæter som først fekk nettkjenning. I det 64. minuttet kom han seg fri og trilla ballen forbi heimelagets keeper.
Berre åtte minutt etter utlikna Kåffa til 1-1, ei stilling som stod seg også etter ekstraomgangane.
Les fyldig kampreferat på Firdaliven
Straffekonkurranse er nervepirrande greier, men me har ein solid hollendar bakerst! På stillinga 4-5 i favør Sogndal redda han ikkje berre skotet, han tok ballen i sikkert grep før han sparka den himmelhøgt over Oslogryta!
Me er vidare til 4. runde på vegen til Ullevaal!
Karane blir no verande att austafor, der dei skal restituera og førebu seg godt fram til søndagens kamp mot KFUM. Då er det OBOS-ligaen som gjeld. Avspark er klokka 15:00 og billett til den kampen kan du kjøpa her