Siger mot Molde!

Godt gjennomført treningskamp av karane!

Det vart siger i dagens treningskamp mot Molde!

For mindre enn ei veke sidan hadde karane si første treningsøkt med kontakt, etter at dei har dreve med "skuggeboksing" i lang tid grunna koronapandemien og smittevernsreglane. På torsdag vart det opna opp for treningskampar, og i dag møtte me fjorårets seriemeister Molde på Aker Stadion.

I steikande solskin og mange varme grader vart karane våre pressa bakpå i starten av kampen, men anført av kaptein for dagen Sivert Mannsverk, jobba karane seg sakte men sikkert til å få eit lite overtak på sjansestatistikken utover i omgangen.

Akor Adams hadde kampens første skot, og bakerst hadde me ein god Håvard Hetle.

I det 42. minuttet slo Sivert ein strøken corner som den råsterke Konnerud-guten Kristoffer Hoven stanga i nettet. Me kunne ta pause med leiing i kampen, og den leiinga kunne fort ha vore større om ein ser på sjansane i varmen.

Endre Kupen fekk debuten i kvitedrakta då han kom inn for Akor etter pause, og me hadde nokre gode sjansar i starten av omgangen.

I det 53. minuttet fekk me ein forsmak av kva me kan ha i vente frå hurtigtoget frå Selje, då han forserte seg fint inn i feltet og kunne fort ha skaffa sine nye lagkameratar straffe i situasjonen som oppstod. Dommaren lot spelet gå, og berre minuttet etter hadde Sivert eit godt skot rett utanfor Molde-målet.

Mot spelets gang rulla Molde opp eit strålande angrep i det 68. minuttet og Leke James utlikna.

Men karane våre var ikkje ferdigspelte for dagen, og då Per Magnus Steiring nokså uhindra kunne gå opp på corner i det 80. minuttet, sa det pang i nettmaskene bak Molde sin keeper!

Me kunne fort ha auka mot slutten av kampen, då Tobias Bjørnebye hadde ein god sjanse, og meir enn fire minutt på overtid, kunne dommaren blåsa av kampen.

Me slo Molde 2-1 etter ein veldig godt gjennomført kamp. Det er noko på gang i dette laget og det skal bli spennande utover når me endeleg kjem i gang med seriespelet!

Stao no pao!!

Les om kampen i Sogn Avis

Kampfakta:
Treningskamp på Aker Stadion
Molde - Sogndal 1-2
Mål Sogndal: Hoven (42) og Steiring (80)

Me starta med dette laget: 

Håvard Hetle, Eirik Lereng, Igoh Ogbu, Axel Kryger, Andreas Hoven, Tomas Totland, Sivert Mannsverk, Mathias Blårud, Kristoffer Hoven, Akor og Badou,

På benken sat Daniel Eid, Endre Kupen, Sixten Jensen, Per Magnus Steiring og Tobias Bjørnebye, og samtlege fekk speletid.

 

Annonse fra Obos-ligaen: