Siger mot Nest Sotra

Solid førsteomgang i Marbella

Sogndal slo Nest Sotra med 3-1 i dagens kamp i Marbella. Kampen blei spelt på ei nydeleg grasmatte i flott sol, og dei omlag 15 publikumarane på tribuna fekk sjå eit Sogndal som tok kommandoen frå første spark på ballen.

Les om kampen i Sogn Avis!

Etter fem minutt slo Reiss Greenidge inn få venstre. I feltet raga Stanisa Mandic høgst, og skalla ballen i mål ved stolperota.

Vår høgreiste engelskmann var på hogget i starten av kampen og kom seg flott fram på kanten gang etter gang. Etter tretten minutt dribla han heile Sotra og tvang fram eit sjølvmål.

Det var i grunnen berre eitt lag på bana i denne omgangen, og me kunne og burde ha skåra fleire mål. Like før pause var Eirik Birkelund sist på ballen etter litt klabb og babb, og me gjekk til kvilen med ein solid 3-0 leiing.

Me fekk sjå ein heilt anna kamp i andre omgang. Det virka som om våre var litt slitne og me slapp strilane inn i kampen. Det vart med den eine reduseringa dei fekk, dei kunne fort skåra eit par mål til. Me hadde også nokre gedigne sjansar, og burde skåra minst tre mål meir.

Dette laget starta dagens kamp:

Mathias Dyngeland - Akeem Latifu, Even Hovland, Ulrik Fredriksen, Reiss Greenidge - Stanisa Mandic, Eirik Birkelund, Didé Fofana, Eirik Schulze - Markus Brændsrød, Sigurd Haugen

Benken:Kristian Rutlin, Kjetil Haug, Joachim Soltvedt, Per Magnus Steiring, Lars Christian Kjemhus, Sixten Jensen, Tomas Totland, Kasper Nissen, Johan Hove og Ulrik Flo.

Slik vurderte Endre Romøren i Sogn Avis spelarane sine prestasjonar.

I morgon er det restitusjontrening, så er det vanleg trening på laurdag før me på sundag avsluttar kampleiren her nede mot HamKam.

Stao pao!

Annonse fra Obos-ligaen: