Siger mot Sandnes Ulf!

Me vann fortent 2-0 i sykkelbyen!

Karane våre stod godt opp i dag, og henta heim tre poeng etter ein fullt fortent 2-0 siger mot Sandnes Ulf.


Les fyldig kampreferat i Firdaliven

Måla våre kom etter eit sjølvmål snaue halvtimen ut i første omgang, og Kristoffer Nessø sikra sigeren to minutt på overtid.


Dette var ein fysisk tøff batalje, der våre gutar stod best opp og kjempa hardt med duellkraft og godt forsvarsspel, samstundes som me skapte mange sjansar.

Les om kampen i Sogn Avis

- Dette var ein god kamp, sa ein glad trenar Eirik Bakke til Eurosport etter kampslutt.

- Me kunne fort ha drept kampen i begge omgangane, sa Eirik, og sikta til dei mange store sjansane karane han produserte. Ein av dei med flest store sjansar var Akor Adams, som óg bomma på eit straffespark.

- Vanlegvis ville Akor ha skåra hat trick i ein kamp som dette, smilte Eirik, og håpar nok at spissen dreg fram nokre skåringar i måndagens kamp mot Stjørdals-Blink.

- Dette var ein defensiv veldig god kamp, men det som gler meg mest er at me skapar så mykje på bortebane! No må me berre fortsetta med å vinna fotballkampar, gutane ser pigge ut, og dette tek me med oss til kampen på måndag, avslutta ein glad Eirik Bakke til Eurosport.

På måndag kjem altså Stjørdals-Blink til oss. Avspark er klokka 18:00 på Fosshaugane Campus, og billetten til kampen får du kjøpt her Det er gratis inngang for barn, 12 år og yngre!

Siri Andresen var på kamp! Her med Bolli og Geir.
Siri Andresen var på kamp! Her med Bolli og Geir.

STAO NO PAO!!!

Sandnes Ulf - Sogndal 0-2 (0-1)

OBOS-ligaen, 26. serierunde, Østerhus Arena, fredag 29. oktober

Mål: 0-1 Jørgen Øveraas Olsen 30. min
0-2 Kristoffer Nessø 92 min

Gule kort: Jerome Akor Adams, Johan Bakke, Renze Fij, Emil Palsson, Sogndal

Domar: Daniel Higraff, Randaberg IL

Sandnes Ulf (4-3-3): Aslak Falch - Jørgen Øveraas Olsen, Ståle Sæthre, Espen Berger, Torbjørn Heggem - Chris Sleveland (Mathias Bringaker frå 73.), Ingvald Halgunset - Horenus Tadesse, Michael Baidoo, Jostein Ekeland - Erlend Hustad

Sogndal (3-4-3): Renze Fij - Eirik Lereng, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo - Daniel Eid, Johan Bakke (Emil Palsson frå 55.), Mathias Blårud, Amin Nouri - Steffen Skålevik (Andreas Hoven frå 55.), Jerome Akor Adams, Kristoffer Nessø

Annonse fra Obos-ligaen: