Siger mot Strømmen!

Det vart 2-0 etter skåringar av Nessø og Adams

Me slo Strømmen med 2-0 i dagens kamp på Strømmen Stadion. Måla våre kom ved Kristroffer Nessø i første omgang og Akor Adams mot slutten av kampen.

Dette vart ein skikkeleg lagsiger, der karane stod på og jobba i lag på ein humpete bane og i sterk vind. Me hadde dei fleste og største målsjansane, og det var fullt fortent at me tok med oss alle poenga heimatt.

Her er TV-bileta frå kampen





Anført av sjølvaste Johan Johannessen Bakke kunne karane sleppa jubelen laust i garderoben etter kampen!

Les om kampen i Sogn Avis

- Dette var ein god lagsiger, sa mannen som stod bakerst og sørga for eit clean sheet. Og då Renze Fij stengte buret, steppa keeperkollega Jørgen Johnsen inn som glad reporter.





Kaptein Per-Egil Flo var ein ung mann sist me vann på Strømmen. Det var i 2010, og er så lenge sidan at Per-Egil ikkje eingong hugsar sigeren.

Les om kampen i Porten

Trenar Eirik Bakke smilte som ei sol då me snakka med han etter kampslutt.





Målskårar Kristoffer Nessø drog opp ei vakker skåring frå hatten. Karen frå Svolvær er i ferd med å visa seg fram i god haustform, og me gler oss til mykje moro med han framover.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Strømmen – Sogndal 0–2 (0–1)

OBOS-ligaen, 25. serierunde, Strømmen stadion, søndag 24. oktober

Mål: 0–1 Kristoffer Nessø 41. min, 0–2 Jerome Akor Adams 90. min

Gule kort: Axel Kryger, Kristoffer Nessø, Sogndal

Strømmen (4–3–3): Simen Lillevik – Magnus Tvedte, Pål Steffen Andresen (Magnus Dahlby frå 65.), Simen Olafsen, Morten Olsen – Sander Amble Haugen, Sander Birkeland, Marius Hagen – Martin Sjølstad (William Mikalsen frå 76.), Christopher Cheng, Tega George (Lorent Callaku frå 76.)

Sogndal (3–4–3): Renze Fij – Axel Kryger, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo – Daniel Eid, Johan Bakke (Emil Palsson frå 46.), Mathias Blårud, Amin Nouri – Steffen Skålevik, Jerome Akor Adams, Kristoffer Nessø

Her er resultata frå runde 25

Jerv - Start 3-2
AaFK - Sandnes Ulf 2-2
Bryne Raufoss 3-1
Grorud Fredrikstad 1-2
HamKam - Ranheim 3-0
Stjørdals-Blink - Ull/Kisa 0-0
Strømmen - Sogndal 0-2
Åsane - KFUM 3-0

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Aalesund Aalesund 0 0 0 0 0 0 0 0
2 Bryne Bryne 0 0 0 0 0 0 0 0
3 Egersund Egersund 0 0 0 0 0 0 0 0
4 Kongsvinger Kongsvinger 0 0 0 0 0 0 0 0
5 Levanger Levanger 0 0 0 0 0 0 0 0
6 Lyn Lyn 0 0 0 0 0 0 0 0
7 Mjøndalen Mjøndalen 0 0 0 0 0 0 0 0
8 Moss Moss 0 0 0 0 0 0 0 0
9 Ranheim TF Ranheim TF 0 0 0 0 0 0 0 0
10 Raufoss Raufoss 0 0 0 0 0 0 0 0
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 0 0 0 0 0 0 0 0
12 Sogndal Sogndal 0 0 0 0 0 0 0 0
13 Stabæk Stabæk 0 0 0 0 0 0 0 0
14 Start Start 0 0 0 0 0 0 0 0
15 Vålerenga Vålerenga 0 0 0 0 0 0 0 0
16 Åsane Åsane 0 0 0 0 0 0 0 0


Neste kamp er førstkomande fredag borte mot Sandnes Ulf.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: