Sigurd Haugen solgt til belgisk klubb

Har signert for La Royale Union Saint-Gilloise

Sogndal Fotball har i dag solgt Sigurd Haugen til den belgiske klubben La Royale Union Saint-Gilloise.

Dette er ein hardtsatsande klubb som ynskjer å ta steget opp til landets øverste nivå. Union SG kjem frå bydelen Saint-Gilles i Brussel.

Det har vore stor interesse for Sigurd over tid. Me har sjølvsagt vurdert for og imot eit sal av ein so viktig spelar, men har no kome til eit punkt dette er rett for både spelar og klubb.

Dette vert ein sportsleg spennande moglegheit for Sigurd, og Sogndal skal og må vera eit springbrett for slike moglegheiter. Salet av Sigurd gir rom for nye talent til å blomstre for oss, samstundes som det gjev klubben betre handlingsrom for framtidig satsing og bidrag til betra økonomi.

Trenar Eirik Bakke har sjølv reist frå Sogndal til proffeventyr i utlandet, og sjølv om det er tungt å miste Sigurd, er han glad for at spelaren får denne sjansen.

- Sigurd er ein flott gut som har utvikla seg fint hjå oss, og at han no får denne moglegheita er prov på at ein kan gå gjennom Sogndal til nye og større oppgåver både nasjonalt og internasjonalt, seier Bakke.

Sigurd sjølv er i Belgia hjå sin nye arbeidsgjevar.

- At Sogndal no gjev meg denne moglegheita, set eg utruleg stor pris på. Eg veit det er vanskeleg å selje toppskåraren sin, men det er nok eit prov på at klubben gjev unge spelarar moglegheita til å jage draumane sine.

Sigurd Haugen står med 46 kampar i kvitedrakta, og han skåra 28 mål for oss.

- Eg skal ta med meg den fine tida eg fekk i Sogndal vidare, og eg vil takka alle som har hatt trua på meg og ikkje minst dei gode relasjonane eg har fått til bygda, seier Sigurd.

Me takkar Sigurd for hans profesjonelle handlingar i prosessen og strålande innsats på bana, og ynskjer han lukke til i ny klubb.

Foto: Toril Walker Norheim

Annonse fra Obos-ligaen: