Sigvart på plass som ny fysioterapeut
Sogndølen Sigvart Stenehjem (24) er tilsett som ny fysioterapeut i Sogndal Fotball, og går inn i klubben sitt medisinske apparat på A-laget. A-laget
Stenehjem erstattar Vegard Bjørklund, som gjekk vidare til KFUM Oslo i januar. Han kjem inn i ei viktig rolle rundt spelargruppa, og vil samarbeide tett med resten av støtteapparatet for å sikre best mogleg oppfølging av spelarane gjennom sesongen.
Sigvart er nyutdanna fysioterapeut med utdanning frå Nederland, og har gjennom studietida hatt to praksisopphald i klubben. Han var òg med laget på treningsleir i februar. Etter denne perioden starta dialogen om å knyte han til klubben på permanent basis etter fullført utdanning.
Som lokal gut oppvaksen i Sogndal, og son av klubbens velkjende bussjåfør Sveinung, kjenner Stenehjem både miljøet og spelargruppa godt frå før. Det gir han eit godt utgangspunkt i den nye rolla.
– Me er svært glade for å få ein lokal gut med på laget. Sigvart kjenner klubben godt allereie, noko som er ein fordel for alle partar, seier sportssjef Terje Skjeldestad.
Med tilsetjinga får klubben inn ein motivert og kjent ressurs som skal bidra til å ta vare på spelarane og vidareutvikle det medisinske støtteapparatet.
Me ønskjer Sigvart hjarteleg velkomen til klubben!
Sigvart hadde sin første arbeidsdag laurdag under kampen mot Åsane.