Prisvinnarane

På Årsmøte til Sogndal Idrettslag vart det i dag delt ut æredsmeldelmskap, heidersteikn og SIL-prisen

Torsdag 28. mars var det årsmøte i Sogndal Idrettslag. Der vart det med anna delt ut æredsmeldelmskap, heidersteikn og SIL-prisen

SIL-prisen
Sogndal Fotball G19 vart kåra til vinnar av SIL-prisen. I 2018 vart dei NMmeistarar og stakk og av med sigeren i Skandinaviskmeisterskap. Sogndal G19 er det første norske laget som vinn dette meisterskapet.

SIL-prisen er ei utmerking som på kvart årsmøte skal utdelast til ei gruppe/enkeltperson, som over tid, eller i kraft av ein enkeltprestasjon har/er ein positiv bidragsytar til Sogndal Idrettslag.

Les her kven som har motteke SIL-prisen

Æresmedlemskap
Per Ingar Sviggum mottok æresmedlemskap for sin innsats til Idrettslaget gjennom ein årreke.

- Dette var stort. Eg måtte klype meg i armen då eg fekk telefonen frå Cecilie, fortalde Per Ingar Sviggum då han mottok æresmedlemskapet i dag.

- Tusen takk til alle som har stemt meg fram til denne utmerkinga. Dette set eg utruleg stor pris på.

Per Ingar som er både gammal trenar og fotballspelar nytta og anledning til å gje dei yngre i forsamlinga nokre tips på vegen (Ulrik Fredriksen og Kristian Rutlin).

- Hugs at fotball er eit lagspell, og at laget er det viktigaste. Ein blir aldri god sjølv, dersom ein ikkje har medspelarane med på laget.

- De har alle moglegheiter til å lukkast her i Sogndal. Messi og Ronald vaks ikkje opp med Sognahallen som sin bakgård. Grip sjansen når den er her, sa Sviggum.
 

SIL pris_1
Æresmedlem i SIL Per Ingar Sviggum her saman med Cecilie Thaule Løvlid, Leiar Sogndal Idrettslag

Heidersteikn var given til:
Oddny Anita Barnes for sitt arbeid som utøvar, eldsjel og sitt engasjement tfor handballen i SIL.
Øyvind Rørvik for sitt arbeid som utøvar, trenar og eldsjel i SIL.
Ingrid Narum for sitt arbeid som trenar og utøvar i langrenn - lokalt, nasjonalt og internasjonalt for SIL.
Tonje Norheim Tangerud for sitt arbeid som tilitsvald, trenar, utøvar i alpint - lokalt, nasjonalt og internasjonalt for SIL.

Sogndal Fotball gratulerer så mykje, og takkar alle for ein fantastisk innsats! 

Stao no pao

Annonse fra Obos-ligaen: