Fotball døgnet rundt for Siri

Sogndal: – «Stao no pao superlag frao Sogndal, da e ikkje nokon som kan slao oss no».

Tekst og foto: Morten Sortland
Artikkelen er publisert i Stao no pao magasinet som er eit samarbeid med Sogn Avis.

Den ikoniske klubbsongen ljomar ut over Fosshaugane Campus. Sogndal har nettopp banka Strømmen 5-1. Siri Andresen står midt i klynga blant saftkokarane og syng for full hals i det sogndal-spelarane er på veg bort for å takka for støtta under kampen.

– Eg er ikkje ein supporter som likar å sitja under kampane. Eg må vera med å syngja og laga god stemning heile tida, seier ho.

Sjølv om det er flest mannfolk i den harde kjerne, føler systrendingen seg heime med den stolte supporterklubben til Sogndal.

– Livet som saftkokar er bra. Det er kjekke folk som er med og dreg opp stemninga både før, under og etter kampen. Dessutan er det ein veldig triveleg gjeng å vera med, seier ho. 

Godt samhald
27-åringen hugsar ikkje heilt når ho vart medlem, men ho har i alle fall vore ein del av saftkokarane i over 10 år.

– Det beste med denne supportergjengen er samhaldet og at dei tek vare på sine eigne. 

Sjølv står ho på sin faste plass når Sogndal spelar heime på Fosshaugane Campus.

– Sogndal betyr veldig mykje for meg. Eg prøver å vera på alle heimekampar og så har eg vore på ein del bortekampar, seier entusiasten, som dessutan er lidenskapeleg oppteken av lokalfotballen.

Bilde2
Siri Andresen er ein ekte saftkokar. – Det beste med denne supportergjengen er samhaldet og at dei tek vare på sine eigne.

Tett på
Om det er Fjøra, Syril eller Sogndal 2. Siri er på plass for å heia fram dei lokale heltane på bana.

– Det er noko heilt spesielt med lokalfotballen. Du kjem tettare på laga og blir kjend med spelarar, trenarar og klubbane på ein heilt spesiell måte. 

Siri er faktisk så interessert i fotball at ho har starta nettstaden lurifaxsupport.no, der ho oppdaterer sogningane på kva som har skjedd i lokalfotballen.

– Her publiserer eg intervju med spelarar og trenarar og referat frå kampar. Eg ønskjer at det skal vera ein stad der det er lett å finna info om lokalfotball.

Mange kampar
Lurifax Support starta ho opp med for nokre år sidan, først via blogg og Facebook, no også på YouTube og eiga heimeside.

– Den blir oppdatert etter kvar kamp. Eg brukar ganske mykje tid på dette og på det meste ser eg seks fotballkampar i veka. Det er verdt det, fordi eg tykkjer det er kjekt at folk likar det eg driv med og gir meg gode tilbakemeldingar. 

Gåvmild
I tillegg til Sogndal er det Fjøra som er laget i fotballhjarta hennar. I fjor var Siri med på flesteparten av bortekampane dei spelte i 3. divisjon. Ho har også sørgja for at spelarane held seg varme i toppen når kulda kjem krypande. For to år sidan overraska ho Fjøra-laget med kvar si heimestrikka lua.

– Det heile starta med at eg laga ei til meg sjølv. Då det ferdige produktet var med på kamp, og ein av styremedlemmane fekk augo på den, spurte han om det var mogleg at eg kunne laga ei til han og. Slik balla det på seg, og i mai sat eg med 38 ferdigstilte hovudplagg i fanget. Ei til kvar spelar, trenar og styremedlem, seier ho.

110 timar
– Eg har lagt litt av sjela mi i arbeidet og brukt god tid på prosjektet. Dessutan er eg veldig glad i å strikka, seier Andresen som har rekna ut at arbeidet tok om lag 110 timar. 

Kort tid etterpå var det spelarane og støtteapparatet i Sogndal 2 sin tur å bli overraska av Siri.

– Eg lagde faktisk nokre få til Syril også. Trenaren, kapteinen og speakeren fekk kvar si, seier ho.

Fotball året rundt
For den fotballfrelste 27-åringen er det fotball døgnet rundt. 

– Det er alltids ein kamp eller trening eg kan reisa på. Denne veka har eg vore på seks kampar. 

Og på vinteren når det er ferie i norsk fotball reiser ho gjerne ein tur til Manchester og Old Trafford.

– Eg har vore fem gonger og sett Manchester United spela. Dei har vunne kvar gong eg har sett dei live, så kanskje eg må reisa ned fleire gonger.

Drøymer om opprykk
Dessverre vart det ikkje siger i alle kampane ho såg live med Sogndal og Fjøra i fjor. Siri legg ikkje skjul på at 2017-sesongen vart ein stor nedtur med nedrykk for begge favorittlaga.

– Så i år håpar eg på opprykk for begge to. Det er ingenting som smakar så godt som når laget ditt vinn. Draumen er jo at Sogndal klarar å koma seg tilbake i det gode selskap, medan Fjøra susar opp att i 3. divisjon. 

Fakta

  • Saftkokarane er den offisielle supportergruppa til Sogndal Fotball.

  • Supporterklubben vart stifta i 2001

  • Første året hadde Saftkokarane 450 medlemmer, sidan har det vore dalande. Dei siste åra har klubben liggje på rundt 150 medlemmer.

Annonse fra Obos-ligaen: