Sivert har forlenga!

Den talentfulle årdølen blir i kvitedrakta nokre år framover

Sivert Heggheim Mannsverk (f. 8. mai 2002) og Sogndal Fotball er samde om å forlenga avtalen med eitt år, slik at me får sjå den talentfulle midtbanespelaren i kvitedrakta ut sesongen 2022.

Sivert har vist ein jamn og fin utvikling både på klubb- og landslag gjennom heile fjorårssesongen. 

- Med denne avtalen, kan Sivert no fokusera heilt og haldent på Sogndal og landslaget, og han kan få ro til å utvikla seg i den rollen han er tiltenkt i dagens unge mannskap, seier ein glad Håvard Flo.

Dette er ein dedikert og seriøs kar. Årdølen jobbar hardt kvar dag for å bli ein betre fotballspelar og potensialet hans er udiskutabelt. Det er difor veldig kjekt at Sivert blir hjå oss i tre år framover.

Sivert er ein fotballklok spelar og ein veldig reflektert gut. Han kan lesa spelet og ligg ofte i forkant, slik ein ser hjå gode fotballspelarar. Han har ein fin ro med ballen, og godt overblikk.

So langt står Sivert med 18 offisielle kampar for A-laget, og han står med ei skåring. Han var kaptein og veldig sentral på G19-laget sin ferd i NM og Europacupen i fjor. Som landslagsspelar står han no med 16 kampar, ni av desse spelte han i fjor.

- Sivert kan bli ein veldig god spelar, men han er ung og har ein del han må jobba med no framover. Hjå oss skal han få tid og ro, og slik me kjenner Sivert, veit me at han vil stå på 100%. Me gler oss til å sjå han ta nye steg i åra som kjem, avsluttar Håvard Flo.

Me gler oss til mange fine sunder i lag med denne flotte fotballspelaren og sympatiske guten!

Sivert første skåring
Glad Sivert etter å ha skåra sitt første mål for Sogndal, i 2-2 kampen mot Skeid.

(Me kjem med ein videosak med Sivert frå treningsleiren på La Manga)

Annonse fra Obos-ligaen: