Sivert seld til Molde

Årdølen tek steget vidare til Eliteserien

Sogndal Fotball og Molde FK er samde om ein overgang for Sivert Heggheim Mannsverk (f. 8/5 2002). Årdølen har med det spelt sin siste kamp i kvitedrakta for denne gong.

Les også om overgangen på heimesida til Molde

Sivert kom til Sogndal som 14-åring, der han spelte ungdomsfotball og etterkvart vaksenfotball med Sogndal 2. Sivert var óg ein sentral del i gjengen som vann NM og Skandinavisk Meisterskap for G19.

Takkar klubben
- G19-eventyret er noko eg vil ta med meg for resten av livet. Ikkje berre prestasjonen, men den gruppa me var, og det samhaldet som var i og rundt det laget vil for alltid bli ståande som eit høgdepunkt.

Sivert fekk kontrakt med A-laget i 2019, og markerte seg allereie i den første sesongen. I fjor tok han nye steg og vart kåra til OBOS-ligaens beste spelar. Han var då kaptein, sin unge alder til tross. 

- Eg må få senda ein stor takk til alle dei i Sogndal som har gjort meg til den spelaren eg er i dag, seier Sivert. 

- Heilt i frå eg kom for fem år sidan og fram til no har dei teke vare på meg, satsa på meg og utvikla meg på ein fantastisk måte! Eg vil ta med meg mange fine minner frå desse åra.

Sivert fortel at det blir trist å forlata bygdi, men at det no var på tide å prøva noko nytt og koma seg litt vekk frå Sogn for å utvikla seg vidare som fotballspelar. Men, det er ikkje med lett hjarte han reiser.

- Det eg kjem til å sakna mest er den gruppa me er i Sogndal no, det er noko heilt unikt i den gjengen. Me kom til opprykksfinalen i fjor i lag og måten me stod i lag etter tapet fortel mykje om samhaldet i gruppa.

Sivert ville helst ha rykka opp til Eliteserien med Sogndal, og håpar å få spela der ein gong i framtida.

- Eg har ekstremt lyst til å koma tilbake til Sogndal ein gong i framtida og bidra!

Rett tidspunkt
- Me er særs nøgde med avtalen økonomisk og er klar på at dette salet kjem til rett tid, seier dagleg leiar Rasmus Mo.

- Sportsleg vil dette sjølvsagt få konsekvensar, men laget har vist at dei også utan Sivert har hatt gode prestasjonar, seier Mo som ynskjer Sivert all mogleg lukke til vidare.

Den økonomiske totalpakken var ein sterkt medverkande årsak til at dette salet gjekk igjennom midt i sesongen.

- Me har jo vore førebudde på at eit sal kunne koma denne sommaren, fortel Håvard Flo, som er klar på ein ting:

- Det er aldri kjekt å selja ein slik profil som Sivert midt i sesongen, men det er dette som er kvardagen vår her i Sogndal. Når ein spelar er klar for større oppgåver, må han få reisa vidare. Dette, kombinert med ein veldig god totalpakke økonomisk utløyste salet no, seier Flo.

Sivert står med 54 kampar for Eirik Bakke sitt lag, og årdølen skåra seks mål. Han har óg vore ein sentral skikkelse på aldersbestemte landslag, der han står med to skåringar på 16 kampar.

Eirik Bakke ville gjerne hatt med kapteinen sin vidare i kvitedrakta.

- Det er utfordrande å mista kapteinen vår midt i sesongen. Sivert er ein veldig flotte gut med gode verdiar, og no går han vidare til den beste klubben i landet. Lukke til, Sivert, seier Bakke.

- Me er veldig stolte over Sivert og hans utvikling som fotballspelar og som person både på klubb- og landslag. Me skulle gjerne hatt han her vidare, men det er nok ei fjør i hatten til Sogndal at me har vore med og utvikla ein spelar som har vore så ettertrakta både nasjonalt og internasjonalt som Sivert, avsluttar Flo, og sender samstundes ei helsing inn fjorden til Årdalsfotballen som har mykje av æra for Sivert sin utvikling i ung alder.

Sivert vil óg takka:

- Tusen takk for meg, eg vil følja med på karane og eg har tru på at dei tek dette vidare!

Tusen takk for fine år i lag, Sivert, og masse lukke til vidare! Stao pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: