Sixten til Bryne

Haugesundaren gjer jærbu av seg

Sogndal Fotball og Bryne FK er samde om ein overgang for Sixten Dalen Jensen. Haugesundaren har signert ein avtale ut 2022, og gjer no jærbu av seg.

Han spelte 71 kampar og skåra fire mål i Kvitedrakta.

- Tida i Sogndal har stort sett vore heilt fantastisk, seier Sixten. Eg har blitt utrolig glad i klubben, bygda og alle folkene i og rundt klubben. Sogndal vil alltid ha en plass i mitt hjarta.

Trenar Eirik Bakke ynskjer Sixten lukke til vidare.


- Det er fint at Sixten får denne sjansen til å fortsetja karrieren sin under trenar Jan Halvor Halvorsen i Bryne, seier Håvard Flo.

- Sixten får no sjansen til å visa seg fram i ein nyopprykka klubb, og me gler oss til å sjå han i den raude drakta på Fosshaugane denne sesongen, held Flo fram.

Haugesundaren kom til Sogndal som student i 2017, og gjorde seg so bemerka i Fjøra at han vart med oss under oppkøyringa til 2018-sesongen. Han signerte rett før seriestart dette året.

- Sixten kom inn som eit friskt pust, og me fekk tre flotte år i lag med denne kjekke guten, seier Håvard Flo.

- Eg skulle sjølvsagt ønska at eg fekk meir speletid i fjor, men totalt sett har eg fått masse erfaring i OBOS-ligaen og er veldig nøgd med det. Eg vil takka Eirik og Terje for at dei ga meg sjansen, og vil takka alle trenarane og lagkameratane eg har hatt i Sogndal, som hjalp meg til å bli ein betre spelar og person. Eg kjem til å sakna gjengen!  seier Sixten.

- Etter at det vart mindre speletid i 2020-sesongen, følte me i fellesskap at det var på tide å ta denne moglegheiten når den dukka opp. Me vil sakna Sixten sitt gode og smittande humør, han er ein seriøs gut med eit godt glimt i auget, seier Håvard.

Sixten trekkjer fram debutkampen i OBOS-ligaen mot Aalesund, cupkampen mot Brann og bortekampen mot Florø i 2018 som store høgdepunkt i tida si hjå oss, og han vil takka supportarane for støtta.

- Det er utruleg kult at det stort sett alltid er sogndalsupportarar på kampane, uansett kor i landet me har spelt. Det er godt å ha slike i ryggen, seier Sixten, som var veldig skuffa etter kampen mot Mjøndalen.

- Eg skulle gjerne ha avslutta her i Sogndal med eit opprykk, men eg veit at det er gode ting på gang i Sogndal og eg er sikker på at dei vil liggja i toppen denne sesongen. Det blir rart og kjekt å møta dei i serien.

For no er det Bryne det skal handla om for Sixten dei neste to åra.

- Ambisjonene i Bryne er å utvikla meg vidare som spelar i min beste posisjon som indreløpar, og bidra til å vinna masse fotballkampar med Bryne, seier Sixten, som førebels reiser aleine til Jæren. Vossafrøkna Johanna skal fullføra studiane i Sogndal og flytter ned etter det.

Me vil takka Sixten for mange flotte stunder i lag, og ynskjer han masse lukke til i Bryne!

Annonse fra Obos-ligaen: