Sjå bilete: Slik var OBOS-camp
Frå måndag til onsdag i haustferien har Sogndal Fotball arrangert OBOS-camp i Sognahallen. Her fekk jenter og gutar mellom 6 og 12 år tre dagar med fotball, leik og utvikling av eigne ferdigheiter. Breiddefotballen Utviklingsavdelinga Biletgalleri
Campen bestod av to treningsøkter kvar dag, med lunsj og sosial pause mellom øktene. Dyktige trenarar sørgde for varierte aktivitetar tilpassa alder og ferdigheitsnivå.
Me fekk sjå ein haug med fotballglede, meistring, smil og mykje aktivitet. Akademiansvarleg Adrian Gjengår oppsummerer årets haustcamp som ein suksess.

– Det har vore god aktivitet, mykje glede og meistring blant ungane. Me har arrangert campen fleire gonger, og rutinane byrjar verkeleg å sitje. I tillegg har me motiverte og flinke trenarar som bidreg til å skape gode opplevingar, seier han.
Han fortel at responsen frå både barn og foreldre har vore svært positiv. Eit særleg høgdepunkt har vore engasjementet blant dei yngste deltakarane.
– Det er veldig kjekt å sjå kor engasjerte seksåringane er. Dei følgjer godt med, deltek aktivt og viser stor glede over å spele fotball, seier Adrian.
OBOS-campen vart tre fine dagar fylte med aktivitet, læring, vennskap og gode opplevingar.