Sjå høgdepunkt: Surt tap etter heroisk innsats

Sogndal slo tilbake både til 1-1 og 2-2, men etter to raude kort vart oppgåva for tøff.

Godta informasjonskapslar for å sjå video

Det enda med eit surt 2-3-tap mot Strømsgodset på Fosshaugane Campus søndag ettermiddag. Sogndal slo tilbake både til 1-1 og 2-2, men etter to raude kort vart oppgåva for tøff. Gjestene sikra sigersmålet heilt på tampen av ordinær tid.

Ei fin markering til minne om Kong Harald før kamp.
Ei fin markering til minne om Kong Harald før kamp.

Heimelaget hamna tidleg under, men viste god moral og svara raskt. Lukas Vapne fann Kasper Skaanes med ein nydeleg stikkar. Skaanes var iskald åleine med keeper og trilla inn 1-1.

Godset tok leiinga på nytt før pause.

Etter kvilen pressa me på. Til slutt kom betalinga. Atli Barkarson fann KP Arierhi inne i boksen, og han breisida inn si første Sogndal-skåring.

På det tidspunktet hadde Sogndal fått tak på kampen og skapt momentum framfor eit engasjert heimapublikum.

Så kom situasjonane som skulle prege resten av oppgjeret.

KP skåra
KP skåra

To raude kort gjorde arbeidsvilkåra svært vanskelege for sogndølene. Først fekk Tuomas Pippola sitt andre gule kort etter litt knuffing og dialog med dommaren. Ikkje lenge etter fekk Ronney Onyango direkte raudt kort etter ei takling.

Trass i at me vart reduserte til ni spelarar, nekta laget å gi seg. Dei som stod att på bana jobba knallhardt for kvarandre, forsvarte seg med stor innsats og såg ut til å berge eitt poeng.
Men då klokka nærma seg 90 minutt, fann gjestene vegen til nettet og sikra 3-2-sigeren.

Eit surt tap. Me hadde fått meir og meir grep om kampen før utvisingane. Etter å ha kjempa oss tilbake to gonger hadde me teke over kampen og var det førande laget.

No gjeld det å rette fokuset mot neste oppgåve: Haugesund borte neste helg.

STAO NO PAO

Lukas Gausdal debuterte.
Lukas Gausdal debuterte.
Asset 1 Asset 2
1
Jendal

4
Hovland
32
Øren
23
Barkarson
14
Haruna
88
Otieno

10
Skaanes
Goal 17'
8
Gausdal
Substituted out 55'
16
Vapne
19
Pippola

9
Arierhi
Substituted out 85'
Goal 76'
Innbytarar
36
Årøy
38
Sundal
31
Kongelf
35
Hillestad
Substituted in 85'
30
Stavø
39
Flo
15
Helén
Substituted in 55'
Innbytarar
  • 36
    Årøy
  • 38
    Sundal
  • 31
    Kongelf
  • 35
    Hillestad
    Substituted in 85'
  • 30
    Stavø
  • 39
    Flo
  • 15
    Helén
    Substituted in 55'

Annonse fra Obos-ligaen: