Sjå intervju: – Ei gruppe som ønskjer å bryte syklusen

Trass i ein tung poengstart er hovudtrenar Luis Pimenta tydeleg på retninga: Prestasjonane peikar rett veg, og han håpar bygda står samla når Sogndal tek imot Åsane på Fosshaugane laurdag.

Etter tre tap på rad seier hovudtrenar Luis Pimenta dette om situasjonen i klubben:

– Det er eit lag og ei gruppe menneske som ønskjer å bryte syklusen. Sjølvsagt er det eit bra tegn at prestasjonsnivået er på veg opp. Samstundes er resultata som dei er. Null poeng etter tre rundar. No handlar det om kapasiteten vår til å bryte syklusen, vise styrke, få ein siger og byggje vidare derfrå, seier Pimenta.

Sjå heile intervjuet her:

Godta informasjonskapslar for å sjå video

– Litt kaos

I førre runde vart det tap 0–3 mot Strømsgodset, i ein kamp der Sogndal leverte ein sterk første omgang, men utan utteljing.

– Fokuset vårt er prestasjonane våre, og der er me nøgde med at me hadde ein veldig god første omgang. Andre omgang var litt vanskelegare, men me skapte òg nokre situasjonar. Når kampen blir avgjord i det 76. minutt, på det andre målet, må me ta meir risiko, og då blir det meir kaotisk, seier Pimenta.

Sprudlande energi

Ei ny treningsveke er i gang. Pimenta fortel kva som er planen:

– Me har analysert Åsane, som har hatt ein tung sesong, men dei har utan tvil gode spelarar. Difor handlar fokuset om strategien vår inn mot spelestilen deira og dei enkeltspelarane som er farlege. Samstundes må energinivået vårt vere på topp til laurdag. Det har me snakka mykje om, og om korleis me kan strukturere veka slik at me får med oss den sprudlande energien me hadde i første omgang mot Godset, over i to omgangar, seier Pimenta.

Håpar på hjelp

No ventar Åsane heime på Fosshaugane Campus laurdag kl. 16.00.

– Denne gruppa skal gjere absolutt alt for å gi ei stor glede no, og verkeleg få starta jubileumssesongen på ein god måte med forhåpentlegvis den første sigeren. Det som hjelper gruppa mest, er å få folk på stadion som applauderer, støttar oss og dreg oss framover. Saman kan me juble til slutt, seier han.

Annonse fra Obos-ligaen: